Distance LAB - Digital samhandling, samskaping og fjernarbeid i verksemder

Dette europeiske samarbeidsprosjektet skal utstyre offentlege og private aktørar med verktøy som skal gjere bedrifter betre på å få til fjernarbeid for samhandling og samskaping.

Målet er å gjere bedrifter meir motstandsdyktige i møte med ei framtid der kompetansar og folk ikkje vil vere like lokalt tilgjengelege og stadsbundne som tidlegare. Fjernarbeid blir ein stadig større del av arbeidslivet, og bedrifter må legge til rette for strategiar og kulturar som stimulerer til verdiskaping og samskaping også i det digitale formatet.

Prosjektperioden er frå 2023 til 2025 og med eit totalbudsjett på 2,8M euro. Vårt budsjett er på 289 380 euro, der halvparten (144 690 euro) blir dekt gjennom EU-programmet Interreg Baltic Sea Region.

Les meir om prosjektet på EU sine nettsider.