Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.
Prosjektet har mål om å auke talet på digitale nomadar i kvar partnarregion med 30 % innan 2028. Dette skal bidra til lokal og berekraftig utvikling av særleg små stadar og gjere at regionane trekker til seg meir kompetanse over tid, særleg innan teknologi og andre bransjar der fjern- og hybridarbeid er ein trend.
Kompetanse og heilårsturisme
Møre og Romsdal fylkeskommune vil at prosjektet skal tiltrekke kompetanse og skape meir heilårsturisme på små stadar i fylket. Fylkeskommunen ser EDIN-prosjektet i lys av eigen fylkesplan og tilhøyrande fylkesstrategi for kompetanse.
Der vi klarer å få digitale nomadar til å besøke regionen vår på sida av høgsesongen vil dei kunne bidra til lokalsamfunnet i ei tid der aktiviteten er låg, men også kunne tilby kompetansane dei innehar til det lokale og regionale næringslivet. Digitale nomadar arbeider typisk innan teknologibransjar, der regionen slit med eit stadig større udekt kompetansebehov.
Fylkeskommunen skal arbeide tett med det internasjonale partnarskapet i prosjektet, men like tett med partnarar heime i regionen. Det lokale partnarskapet består i dag av Nordveggen, Visit Nordmøre and Romsdal, Destinasjon Ålesund and Sunnmøre, Verdsarvsenteret i Geiranger og Sunnmøre kulturnæringshage. I partnarskap skal vi:
- kartlegge situasjonen for å identifisere potensial og barrierar
- utforske moglegheitene for synergi mellom tiltrekking av kompetanse og meir berekraftig heilårsturisme
- prøve ut eitt eller fleire konsept for digitale nomadar, basert på kartlegginga.
- evaluere resultata frå piloten
- foreslå konkrete endringar i politiske verkemiddel for å sikre betre tilrettelegging for digitale nomadar i regionen
Les meir om prosjektet på EU sine prosjektsider.
Du kan også følge prosjektet på LinkedIn.
Regional rapport har kartlagt moglegheiter og hindringar for digitale nomadar i Møre og Romsdal
Rapporten peikar på tre hovudutfordringar i Møre og Romsdal: Ein aldrande befolkning, mangel på arbeidskraft og ei reiselivsnæring som får mesteparten av besøka i sommarsesongen. Han løftar fram digitale nomadar som ein mogleg del av løysinga, fordi dei ofte reiser utanfor høgsesongen, blir verande lenger og kan tilføre etterspurt kompetanse, særleg innan teknologiske og kreative fag.
Samtidig manglar Noreg i dag eigne ordningar retta mot digitale nomadar. Difor tilrår rapporten at Møre og Romsdal tek ei leiande rolle gjennom å kartlegge formelle barrierar, særleg knytt til skatt, registrering og tilgang til tenester, og å gi tydeleg informasjon på engelsk.
Rapporten tilrår òg to konkrete leveransar i EDIN-samarbeidet: Ein mal for regional marknadsføringsplan og ein «community integration kit» som gjer det lettare å kople nomadar til lokalsamfunn, coworking-miljø og næringsliv. Han koplar dette til eksisterande initiativ som «Cowork in Small Places» og erfaringar frå Arctic Digital Nomad-prosjektet.
Her kan du lese heile rapporten.
