EØS-prosjekt med den polske kommunen Zawiercie

Møre og Romsdal fylkeskommune inngjekk i 2022 eit prosjektsamarbeid med den polske kommune, Zawiercie. Prosjektet omhandlar yrkesutdanning, ungt entreprenørskap og samarbeid mellom skole, lokalsamfunn og næringsliv, finansiert gjennom EØS-midlane.

Zawiercie ligg sør i Polen og har omtrent 50.000 innbyggarar. Industri- og jordbrukskommunen opplev nedgang i folketalet og har utfordringar med å halde på ungdom og tilby dei relevant arbeid. Gjennom prosjektet ønsker dei å sjå nærare på korleis vi driv fag- og yrkesopplæring i Møre og Romsdal og korleis ein samarbeider lokalt for å skape arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.

Prosjektet går over to år og har eit budsjett på 150 000 euro. Blant aktivitetane er fleire gjensidige besøk i både Norge og Polen, i tillegg til kurs i undervisning av entreprenørskap i skolen. Stranda vgs., Sykkylven vgs. og Sunndal vgs. er med prosjektet og har vore sentrale aktivitetane. Desse skolane har sterke tradisjonar innan fag- og yrkesopplæring og har alle nært samarbeid med lokalt næringsliv.