
Prosjektet, som er eit prestisjeprosjekt innanfor Erasmus+, starta hausten 2023 og vil gå over fire år. Med eit samla budsjett på fem millionar euro, skal dei 19 partnarane utarbeide kunnskapsgrunnlag, kompetansestrategiar og læreplanar som skal møte nye kompetansebehov, særleg i lys av digitalisering og den grøne omstillinga.
Fylkeskommunen deltek som tilbydar av relevant fag- og yrkesopplæring. Behovet for dyktige fagarbeidarar i maritim industri er stort både i Norge og i Europa. Fleire av dei vidaregåande skolane i fylket er involvert og vil teste ut ulike nye opplæringsaktivitetar gjennom prosjektet.
Maritim Foreining Søre Sunnmøre (MAFOSS) er også ein aktiv partnar i prosjekt og sikrar god regional forankring. Dei andre partnarane er utdanningsinstitusjonar, maritime klynger, næringsaktørar, samt partane i arbeidslivet på europeisk nivå.
Les meir her: