PROACTsme - KI og andre smarte tenester for små og mellomstore bedrifter

PROACTsme skal bidra til å utveksle erfaringar og bestepraksisar innan smarte og digitale tenester knytt til støttesystem for små og mellomstore bedrifter. 

Prosjektet skal sjå særleg på moglegheitene for å bruke kunstig intelligens og store data til å gjere tenester meir tilgjengelege og meir målretta for brukarar og bedrifter. Prosjektet har også mål om å bidra til å redusere offentleg byråkrati.

Vi deltar i prosjektet med mål om å vidareutvikle det digitale kunnskapsgrunnlaget om kompetansebehov i Møre og Romsdal som ein del av arbeidet knytt til Fylkesstrategi for kompetanse (2024-2028). Kunnskapsgrunnlaget er automatisert og kopla til store tal frå mellom anna SSB, og skal alltid vere oppdatert med dei nyaste talgrunnlaga innan utvalde tematikkar. Slik skal verktøyet skape ei felles forståing for kompetansebehova og utviklingstrekka i fylket, og skal gjere bedriftstøttetenestane i regionen betre rusta til å gi råd til mellom anna små og mellomstore bedrifter.  Kompetanse.mrfylke.no er eit opent nettdomene, og opnar derfor også for at bedrifter og entreprenørar kan vere proaktive og ta portalen i bruk på eigenhand.

Gjennom prosjektperioden skal vi arbeide tett saman med fleire nøkkelaktørar i regionen om å vidareutvikle løysinga med bakgrunn i faktiske behov. PROACTsme skal også gi oss viktige kjennskapar til korleis andre europeiske regionar arbeider med liknande problemstillingar og løysingar knytt til store data, og gir oss tilgang til eit unikt internasjonalt samarbeid om temaet.

Prosjektperioden er frå 2023 til 2027, og totalbudsjettet er på 1,7M euro. Vårt budsjett er på 295 604 euro, der halvparten (147 802 euro) blir dekt gjennom EU-programmet Interreg Europe.

Du kan lese meir om prosjektet på EU sine sider.