School21 – Uteundervising for utvikling av framtidskompetanse

School21 er eit EØS-prosjekt med mål om å utstyre unge menneske med ferdigheiter og kunnskapar for det 21. århundre.

 

Dette skal skje gjennom utviklinga av nye undervisingsmetodar og verktøy, og uteundervising er ein av desse metodane. Prosjektet består av fire slovenske partnarar og Møre og Romsdal fylkeskommune som ekspertpartnar. Fylkeskommunen bidreg til prosjektet i tett samarbeid med Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

Vi har mellom anna utarbeidd ein rapport om uteundervising i regionen og hadde dei slovenske partnarane på studiebesøk i oktober 2022. I april 2023 skal vi til Slovenia for å gi eit utval slovenske lærarar opplæring i nokre uteundervisingsmetodar. Vidare skal lærarane sjølve skal lære opp fleire lærarar på eigne skolar.

Prosjektperioden er frå 2022 til 2024 og med eit totalbudsjett på 581 000 euro. Vårt budsjett er på 97 329 euro. Prosjektet er fullfinansiert gjennom EØS-midlane (Norway grants).

Les meir på prosjektsida til School21