Alle samarbeidsorgan/opplæringskontor og sjølvstendige lærebedrifter kan søke om midlar og støtte til utveksling for lærlingar og tilsette. Lærlingen kan også sjølv søke om å delta.
- Søknadsfrist er 1. februar kvart år (for samarbeidsorgan)
- Lærlingar kan søke heile året
Søknad om å delta
Når søknad er innvilga og det er avklart kven som skal reise, må samarbeidsorgana registrere deltakarane. Bruk dette skjemaet.
Registrering av deltakarar
Internasjonalisering for lærlingar
Samarbeidsorgan og frittståande lærebedrifter kan søke om å delta i “Læretid i Europa”, og lærlingane deira kan reise på utveksling.
Det er samarbeidsorganet eller lærebedrifta som vel ut kven av lærlingane som kan reise på utveksling. Lærlingane må vere over 18 år, ha godkjent lærekontrakt eller opplæringskontrakt i Møre og Romsdal. Lærlingane må også ha eit godt oppmøte og få gode referansar frå nærmaste leiar.
Lærekandidatar og kandidatar med tilretteleggingsbehov kan også reise på utveksling. Samarbeidsorganet kan søke ekstra midlar ved behov.
Ei gruppe på 4-15 lærlingar reiser til eit land og gjennomfører Erasmus+ utveksling saman. Lærlingane bur og arbeider i ein periode på 2 veker til 3 månader. Lærlingane bur enten på internat eller i felles leilegheit. Dei arbeider fulltid i ei lærebedrift innan faget sitt. Erasmus+ utvekslinga blir godkjent som ein del av læretida til lærlingen.
Fylkeskommunen finn eigna arbeidsplassar og bustad i utlandet. Vi har samarbeidspartar i Danmark, Sverige, Tyskland, Austerrike, Frankrike, Irland, Spania og Malta.
Under utvekslinga blir lærlingane følgde opp av fylkeskommunen, tilsette i samarbeidsorgan, faglege leiarar eller instruktørar i lærebedrifter.
Opphaldet blir finansiert gjennom Erasmus+, som er EU sitt utdanningsprogram. Midlane dekker reise, levekostnadar, forsikring, administrasjon og språkkurs. Fylkeskommunen søker midlar på vegner av samarbeidsorgan som er med i “Læretid i Europa”. Midlane blir betalt ut til samarbeidsorganet, ikkje direkte til lærlingen.
Lærlingane får ikkje løn under opphaldet, men vil få eit reisestipend som kompenserer for dette. Nokon lærlingar har rett på bortebuarstipend frå Statens Lånekasse.
Ungdommar frå Sunnmøre kan i tillegg søke om stipend frå Michael Width Endresens fond for handel og handverk.
Tilsette i samarbeidsorgan, faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter kan auke kompetansen sin gjennom “Læretid i Europa”. Internasjonale prosjekt kan gi oppdatert fagkompetanse og inspirasjon til å utvikle nye og innovative arbeidsmetodar.
Dei kan reise til yrkesfaglege skolar, opplæringskontor eller læreplassar i andre land i Europa for å delta på:
- Jobbskygging
- Hospitering
- Førebuande besøk
- Faglege kurs
- Følge elevar eller lærlingar
- Yrkesfaglege konkurransar
Vil bedrifta di ta imot lærlingar frå eit anna land?
Lærlingar frå ulike land i Europa ønsker å ta ein del av læretida si i Noreg. Møre og Romsdal har mykje å tilby ungdom frå andre land, og regionen har eit stort rekrutteringsbehov.
Dei fleste lærlingane er unge vaksne som er i ferd med å fullføre ei fagutdanning. Dei har sjølv tatt initiativ til å reise og er motivert til å lære og arbeide. Lærlingane kjem vanlegvis i små grupper, og blir følgde opp av fylkeskommunen. Fylkeskommunen ordnar også det praktisk knytt til flyreiser, bustad og kontakt med utanlandske samarbeidspartnarar.
Forventningar til bedrifta
- tilby relevante arbeidsoppgåver, god opplæring og bidra til at lærlingen føler seg velkomen
- ha ein fast kontaktperson som snakkar engelsk.
- lærebedrifta betalar ikkje lønn til den utanlandske lærlingen, og får heller ingen økonomisk kompensasjon for å ta inn lærlingen.
Lærebedrifta får
- ein ung vaksen som er motivert til å lære og jobbe
- Nye perspektiv på faget og arbeidet deira
- Innsikt i ein ny kultur og språk
- Mogleg vidare samarbeid med læretid i Europa
- Moglegheit til å sende eigne norske lærlingar og tilsette på Erasmus+ utveksling
- Gode moglegheiter til framtidig rekruttering
Dersom bedrifta di kan tilby hospiteringsplass på 1-3 månader, ber vi om at du fyller ut skjemaet under (kjem)
