Utveksling i Europa for lærlingar

Lærlingar kan ta delar av læretida i Europa, og Erasmus+ utveksling er godkjent som ein del av læretida. Opphaldet blir finansiert gjennom EUs utdanningsprogram Erasmus+. 

Alle samarbeidsorgan/opplæringskontor og sjølvstendige lærebedrifter kan søke om midlar og støtte til utveksling for lærlingar og tilsette. Lærlingen kan også sjølv søke om å delta.

  • Søknadsfrist er 1. februar kvart år (for samarbeidsorgan)
  • Lærlingar kan søke heile året

Søknad om å delta

Når søknad er innvilga og det er avklart kven som skal reise, må samarbeidsorgana registrere deltakarane. Bruk dette skjemaet. 

Registrering av deltakarar

Vil bedrifta di ta imot lærlingar frå eit anna land? 

Lærlingar frå ulike land i Europa ønsker å ta ein del av læretida si i Noreg. Møre og Romsdal har mykje å tilby ungdom frå andre land, og regionen har eit stort rekrutteringsbehov. 

Dei fleste lærlingane er unge vaksne som er i ferd med å fullføre ei fagutdanning. Dei har sjølv tatt initiativ til å reise og er motivert til å lære og arbeide. 

Lærlingane kjem vanlegvis i små grupper og blir følgde opp av fylkeskommunen. Fylkeskommunen ordnar også det praktisk knytt til flyreiser, bustad og kontakt med utanlandske samarbeidspartnarar.

Dersom bedrifta di kan tilby hospiteringsplass på 1-3 månader, ber vi om at du fyller ut skjemaet under (kjem)