Heilskapleg samfunnsdokumentasjon

Det norske samfunnet er meir enn offentleg verksemd. Dokumentasjon frå private aktørar er viktige kjelder til informasjon om samfunnet og folk sitt daglegliv. Gjennom å samle, bevare og formidle privat arkivmateriale, bidrar regionale bevaringsinstitusjonar til å etterlate ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon til noverande og komande generasjonar.

Privat arkivmateriale er skapt av næringsliv, lag, foreiningar og privatpersonar, og kan inkludere dokument og foto i fysisk og digitalt format. I Møre og Romsdal har vi fleire regionale bevaringsinstitusjonar som arbeider med privat arkivmateriale.

Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer 2022–2025

Eit viktig mål i den regionale kulturpolitikken er samhandling mellom dei regionale bevaringsinstitusjonane og planmessig arbeid med bevaring av kulturarv og samfunnsdokumentasjon.

I fylkesstrategien er sentrale utviklingstrekk skildra slik:

«For å sikre heilskapleg dokumentasjon av samfunnet må privatskapte arkiv takast vare på i tillegg til offentlege arkiv. Til saman gir desse arkiva eit bilete av samfunnet si historie. Det er stor vilje til å avlevere arkiv, både kommunale og privatskapte, men kapasiteten til å ta i mot dei er avgrensa. Det er behov for å arbeide meir planmessig med privatskapte arkiv og gjere verneverdige arkiv tilgjengelege. Det er òg behov for meir kunnskap om kva som blir bevart om kvar enkelt av oss.»

Les heile Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer 2022–2025 i Framsikt

Regionale bevaringsinstitusjonar

I Møre og Romsdal er det først og fremst arkiva og musea som er regionale bevaringsinstitusjonar av foto og privat arkivmateriale.

I tillegg er folkebiblioteka viktige arenaer for formidling av samfunnsdokumentasjon og kulturarv gjennom arrangement, aktiv formidling og lokale arkiv- og litteratursamlingar.

IKA Møre og Romsdal

Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal er eit viktig kompetansesenter i arbeidet med heilskapleg samfunnsdokumentasjon og kulturarv. Møre og Romsdal fylkeskommune gir offentleg driftstilskot til arbeidet IKA Møre og Romsdal gjer i høve foto, private arkiv og mediekonvertering av kulturarv.

Fylkesfotoarkivet

Fylkesfotoarkivet arbeider med å bevare, sikre og gjere tilgjengeleg den fotografiske arva i Møre og Romsdal. Dette inkluderer fotografi frå privat og offentleg verksemd, privatpersonar og bedrifter.

Privatarkivarbeidet

IKA Møre og Romsdal er fylkeskoordinerande institusjon for privatarkiv i fylket, oppnemnt av Arkivverket og Møre og Romsdal fylkeskommune. Koordinatorrollen inneberer å bidra til at privatarkivarbeidet i fylket blir samordna mellom aktørane på området. I tillegg har IKA Møre og Romsdal ei bevaringsteneste for private arkiv dei fleste kommunar i fylket er medlem av. Deltaking i ordninga inneberer at lag, foreiningar, privatpersonar og mindre bedriftsarkiv frå kommunen kan deponere arkiv ved IKA Møre og Romsdal.

Senter for digitisering av kulturarven

Senter for digitisering av kulturarven (SEDAK) arbeider med mediekonvertering av alle typar materiale i alle fysiske format. Eksempel kan vere saksarkiv, kart og teikningar, trykkmateriale, måleri, plakatar og jamvel gjenstandar. Arbeidet bidrar til å bevare sårbare materiale og gjere dei tilgjengelege digitalt. SEDAK er kompetansesenter og tenesteleverandør for bevaringsinstitusjonane i fylket, kommunar, foreiningar og private aktørar.

Andre aktørar

I tillegg til dei regionale bevaringsinstitusjonane har vi i fylket vårt ei ein rekke historie- og sogelag og privatpersonar som gjer ein viktig jobb for å bevare lokal samfunnsdokumentasjon og kulturarv.