Musea i Møre og Romsdal

Musea i fylket vårt er svært viktige aktørar i å ivareta vår felles kulturarv. Gjennom strategisk innsamling og forvaltning av materiell og immateriell kulturarv bidreg musea til å forme vår felles identitet. 

Musea er sjølvstendige institusjonar med offentleg driftstilskot. Gjennom ein aktiv museumspolitikk jobbar Møre og Romsdal fylkeskommune for å gi musea gode rammevilkår for musea og deira arbeid med historia og kulturarven.  

Regional delplan for museum 2017-2026

Eit hovudmål i den regionale museumspolitikken er å bidra til å styrke musea si faglege verksemd. Å medverke til sterkare lokal forankring og tydelegare rolleavklaring mellom aktørane i museumsfeltet, er ei anna sentral målsetting.  

Ifølgje den internasjonale museumsorganisasjonen ICOMS er eit museum definert slik:

«Eit museum er ein ikkje-kommersiell permanent institusjon i samfunnet si teneste, som forskar på, samlar, konserverer, fortolkar og formidlar materiell og immateriell kulturarv. Muséa er opne for publikum, tilgjengelege og inkluderande, og fremjar mangfald og berekraft. Dei opererer og kommuniserer etisk og profesjonelt, legg til rette for brei deltaking frå samfunnet og tilbyr varierte opplevingar for utdanning, underhaldning, refleksjon og deling av kunnskap.»

Les heile Regional delplan for museum 2017-2026 i Framsikt 

Våre regionmuseum

Det nasjonale museumsnettverket er eit nettverk av museum som får offentleg driftstilskot får stat, fylke og kommune. For å vere del av det nasjonale museumsnettverket må museet møte dei forventningar og krav som er satt gjennom nasjonal og regional museumspolitikk.  

I vårt fylke har vi tre regionmuseum:

I tillegg til regionmusea driv også Nynorsk kultursentrum ein svært viktig jobb i å samle inn, dokumentere og formidle viktig kulturarv i fylket vårt. Dei er også del av det nasjonale museumsnettverket.  

Fellestenester

Musea i Møre og Romsdal driftar fellestenester for formidling, forsking, bygnings- og fartøyvern og konservering. I vår museumspolitikk står det at fellestenestene skal

  • vere bindeledd for samhandling og utvikling mellom musea på tvers av geografiske og institusjonelle grenser,
  • initiere fellesprosjekt og utviklingstiltak i og mellom musea,
  • gi overordna råd og rettleiing knytt til utvikling og ivaretaking av dei ulike fagområda.

Musea har eigne personalressursar dedikert til drift av fellestenestene, den tilsette skal

  • vere kontaktledd mellom fylkeskommunen og musea om tenesta,
  • initiere fagsamlingar og andre tiltak for kompetanseheving for dei andre tilsette i musea.

Til fellestenestene ligg det også eit særleg ansvar for å ha søkjelys på dei ikkje-materielle sidene av kulturarven, samt utvikling og styrking av tilbodet til barn og unge.

Andre museum, samlingar og bygdetun

I tillegg til dei tre regionmusea, som tek vare på kulturarv av nasjonal og regional verdi har vi i fylket vårt ei rekke samlingar, bygdetun og museum som gjer ein viktig jobb for å ivareta lokal kulturarv.