Uprisen er ungdomen si eiga kåring av årets beste ungdomsbok.
Kvart år deltar rundt 1000 ungdomar frå heile landet i kåringa. Arbeidet med å velje ut årets beste ungdomsbok går føre seg gjennom heile året, og det er ungdom som bestemmer i alle dei fire delane av prosessen.
Møre og Romsdal fylkeskommune rekrutterer kvart år deltakarklasser frå fylket. Folkebiblioteka er tett på skolar i eigen kommune og kan gjerne formidle informasjon til aktuelle klasser før den årlege påmeldingsfristen 9. mai.
Sjå informasjon om korleis klasser kan delta på Foreningen les sine nettsider om Uprisen.