Fellestenestene omfattar alt frå felles innkjøp av e-medium og smidige transportordningar for fjernlån, til digitale verktøy og drift av lokalhistoriske databasar som MøreRom. Slik styrker vi biblioteka sitt fellesskap og sørger for at lånarane får tilgang til eit mangfald av kunnskap og kultur i heile fylket.
Bruk navigasjonen for å raskt finne fram til det du treng svar på.
E-medium
Utlån av e-bøker er ein sentral del av utlånsverksemda til folkebibliotek og VGS-bibliotek. Kjøp av og tilgang til e-bøker er i Møre og Romsdal organisert som ei samanslutning av folkebibliotek og VGS-bibliotek, også kalla konsortium for e-medium.
Fylkeskommunen koordinerer konsortiet i Møre og Romsdal. Dette inkluderer forvalting av felles avtale om utlånsløysing for e-medium og innkjøp av e-bøker til felles samling for alle deltakande bibliotek i konsortiet. Val av titlar blir gjort av eiga innkjøpsgruppe med representantar frå biblioteka i konsortiet. Alle bibliotek som ønsker eit utvida tilbod, kan kjøpe e-bøker som berre kan lånast frå eiga samling.
For avvik eller driftsfeil knytt til utlånsløysing for e-medium må du kontakte leverandør direkte. For spørsmål og felles avtale eller e-medium generelt, kan du kontakte fylkeskommunen.
Har du som lånar spørsmål om tilgang til e-bøker, kan du kontakte ditt lokale folkebibliotek eller skolebibliotek.
Les meir om biblioteka og skolane sin leverandør av e-medier og leseapp.
Transportordning og fjernlån
Visste du at du kan låne ei bok på biblioteket i Aukra og levere den tilbake hos biblioteket i Ålesund? Fjernlån er ei viktig teneste frå biblioteka som gir god utnytting av felles bibliotekressursar. Fjernlån er samarbeid mellom bibliotek, der biblioteka stiller samlingane sine til disposisjon for lånarar ved andre bibliotek. Folkebiblioteka er etter folkebibliotekloven ledd i eit nasjonalt biblioteksystem, og skal følge felles reglar om lånesamarbeid. Skolebibliotek er ikkje forplikta til å yte fjernlån til andre bibliotek, men har moglegheit til å delta i lånesamarbeidet.
Fylkeskommunen skal ivareta regionale bibliotekoppgåver, og kan som del av dette opprette avtalar om lånesamarbeid med ein eller fleire kommunar. I Møre og Romsdal forvaltar fylkeskommunen felles avtale om transportordning for å distribuere fjernlån. Avtalen gjeld folkebibliotek, VGS-bibliotek og UH-bibliotek i fylket, og legg til rette for samlingsdeling på tvers av bibliotektypar over heile landet. Deler av transportkostnadane blir subsidiert av fylkeskommunen.
For avvik eller driftsfeil knytt til transportordninga må du kontakte leverandør direkte. For spørsmål om felles avtale eller fjernlån generelt, kan du kontakte fylkeskommunen.
Les meir om retningslinjene for fjernlån
Mørerom
Møre og Romsdal fylkeskommune driftar databasen MøreRom (lenke blir opna i ny fane). Dette er ein base der artiklar i sogelagsskrift frå heile fylket er gjort søkbare med autoriserte metadata som for eksempel emne, stad og bedriftsnamn. Ein kan søke i innhaldet i alle sogelagsskrift frå fylket samtidig. Basen dekker alt utgitt frå og med 2000 til og med 2018, samt ein del eldre skrift, om lag 40 000 postar.
Metadata er informasjon om artiklane som gjer dei lettare å søkje i. Du får ikkje tilgang til artiklane i seg sjølve, men dei kan bestillast i kopi.
MøreRom inneheld også biografiske artiklar frå ein eldre manuell katalog som fanst på Ålesund bibliotek. Desse viser til avisartiklar om personar frå Sunnmøre i perioden ca. 1920–1980, totalt 18 000 postar. Her kan ein søke på personnamn og familienamn og finne nøyaktige opplysningar om kva avis artiklane står i.
MøreRom blir frå 2023 ikkje oppdatert med ny metadata. I samband med nytt biblioteksystem for biblioteka i fylket, blir det utforska moglegheiter for å vidareutvikle MøreRom dei komande åra.
Bibliotek 24
Les meir om det digitale bibliotektilbodet bibliotek 24
Mediebanken
Mediebanken er eit felles verktøy for å dele, lagre og finne relevante foto og markedsmateriell.