Fagmiljøa fremmer nyskaping og profesjonalisering på tvers av institusjonane. Ved å koordinere innsatsen og styrke dialogen mellom aktørane, legg vi til rette for eit samordna kulturtilbod som er rusta for framtida og som kjem alle innbyggarane i fylket til gode.
Bruk navigasjonen for å raskt finne fram til det du treng svar på.
ABM-nettverket
ABM-nettverket i Møre og Romsdal er eit nettverk for alle tilsette i arkiv, bibliotek og museumssektoren i fylket. Nettverket er forum for samhandling, erfaringsdeling, kompetanseheving og anna nettverksbygging. Invitasjon til nettverkssamlingar blir sendt ut til tidlegare deltakarar på våre treff, men nettverket har sjølve ansvar for å dele invitasjonar i sine organisasjonar og gjere vurderingar på kven som skal delta i dei ulike møtepunkta og på dei ulike arrangementa.
Delingsnettverket
Delingsnettverket skal bidra til utveksling av erfaringar, idear, aktivitetar, arrangement, gode samarbeid og prosjektresultat. Folke- og VGS-bibliotek blir inviterte og kan bidra. Fylkeskommunen fasiliterer nettverksmøta, medan biblioteka sjølve bidrar med innhald. Gjennom nettverket skal biblioteka kunne inspirere og la seg inspirere om alt frå drift til prosjekt, faglege spørsmål og større satsingar.
Alle bibliotektilsette har moglegheit til å delta og dele. Kunnskap, deling og utlån av gode idear for alle i biblioteka er sentralt for vidare utvikling av feltet. I dette ligg difor ei forventing om at biblioteka distribuerer invitasjonar og informasjon om nettverket internt i eigen organisasjon.
Bli med – lån ut dine gode idear til andre!
Forum for leseleiarar
Forumet er for dei som har gjennomført leseleiarkurs i metoden shared reading – samlesing. Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til digitale samlingar for inspirasjon og erfaringsutveksling. Ei samling kvart halvår er felles for leseleiarar i Møre og Romsdal og Trøndelag i samarbeid med Trøndelag fylkesbibliotek.
Les meir om metoden shared reading på nettsida Bibliotekutvikling
Litteraturformidlingsnettverket
Nettverket vart etablert i juni 2021. Målet er å fremme samhandling og kompetansedeling mellom bibliotek og andre aktørar innan litteraturformidling i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til ei samling i året i samarbeid med Bjørnsonfestivalen, Nynorsk kultursentrum og Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Samlinga kan anten vere fysisk eller digital.
Nettverk for barnebibliotekarar
Nettverket vart etablert for at bibliotektilsette som formidlar litteratur til barn lett skal kunne utveksle erfaringar og gode idear på tvers av kommunegrensene. Møre og Romsdal fylkeskommune tar initiativ til minst ei digital samling i halvåret, og biblioteka sjølve sørger elles for kontakten i nettverket etter behov.