I fylket vårt jobbar vi for å sikre og utvikle viktige friluftslivsområde, legge til rette for gode stiar, turvegar og nærmiljøtilbod gjennom tilskot til og samarbeid med kommunar, friluftsråd og organisasjonar.
Bruk navigasjonen for å raskt finne fram til det du treng svar på.
Planlegging for friluftsliv
Gode turar startar med gode planar. Vi rettleier kommunane i arbeidet med å kartleggje og utvikle ferdselsårer for friluftsliv. Målet er eit samanhengande nettverk av stiar og turvegar som gjer det enkelt å vere aktiv i kvardagen, uavhengig av funksjonsnivå. Dette arbeidet er ein viktig del av den kommunale planlegginga og sikrar at friluftslivsinteresser blir høyrde.
Kva gjer fylkeskommunen?
Etter forvaltningsreforma i 2010 fekk fylkeskommunen ei oppgåve som talsmann og vaktmann for allemannsretten. Dette gjer vi blant anna ved å informere om og ivareta allmenta sine interesser gjennom behandling av saker etter plan- og bygningslova.
Vi samarbeider med kommunane om å utvikle friluftslivet i fylket. For at flest mogleg skal ha glede og nytte av friluftslivet, treng vi ulike typar friluftslivsareal, som er tilrettelagt i ulik grad. Då er det viktig med god arealplanlegging etter plan- og bygningslova.
Vil du ha råd og rettleiing?
Arbeider du med friluftsliv? Hos oss kan du få råd og rettleiing eller innspel til kommunale planar om friluftsliv.
Les meir om korleis vi gir rettleiing til kommunale planar
Digitale tenester: Morotur og StikkUT!
Vi vil gjere det så enkelt som mogleg å finne fram til dei gode opplevingane. Gjennom fylkeskartløysinga Morotur får du kvalitetssikra turforslag over heile fylket. Vi støtter også den populære trimkampanjen Stikk UT!, som kvart år motiverer tusenvis av innbyggjarar til å oppdage nye turmål i sitt eige nærmiljø. Dette er lågterskeltilbod som fremmer både turglede og fellesskap.
Friluftslivets ferdselsårer
For å utvikle berekraftige lokalsamfunn treng vi samanhengande nettverk av stiar og turvegar der folk bur. Fylkeskommunen er ein aktiv part i det nasjonale arbeidet "Friluftslivets ferdselsårer", der målet er at alle kommunar skal utarbeide eigne planar for merking, skilting og opparbeiding av stiar. Vi bidrar med rettleiing, kompetanseheving og teknisk bistand (GIS), slik at arbeidet med turstiar blir målretta og systematisk. Kommunar kan søke om økonomisk støtte til dette planarbeidet.
Kva seier planverket?
Det er eit nasjonalt mål i friluftslivspolitikken at kommunane skal utarbeide planar for friluftslivets ferdselsårar. Slik kan arbeidet med tilrettelegging for auka friluftslivsaktivitet gjerast målretta og systematisk.
Plan for friluftslivets ferdselsårer er eit fleirårig prosjekt som er satt i gang av Klima- og miljødepartementet (KLD). Prosjektet starta i 2019 og vil avsluttast etter 2025. I prosjektet samarbeider Miljødirektoratet, kommunar, friluftsråda og Møre og Romsdal fylkeskommune om å utarbeide planar for friluftslivets ferdselsårar i kommunane. På den måten kan vi få fram målretta opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av turstiar i kommunane.
Støtteordningar de kan søke på
Kommunar kan søke om økonomisk støtte til arbeidet med friluftslivets ferdselsårer. Følg denne lenka for å komme til søknadsskjema for støtteordninga.
Du kan les meir om arbeidet med å ivareta og utvikle ferdselsårer for friluftsliv på Miljødirektoratet sine nettsider.
Skjærgårdstenesta
Langs kysten vår sørger Skjærgardstenesta for at offentleg eigde friluftsområde blir haldne ved like. Tenesta er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Miljødirektoratet og dei to friluftsråda i fylket. Arbeidsoppgåvene omfattar alt frå praktisk drift og skjøtsel til handtering av marin forsøpling i medlemskommunane til friluftsråda. Skjærgardstenesta er også ein viktig støttespelar for frivillige som ønskjer å gjere ein innsats for eit reinare kystmiljø.
Helseløyper – tilrettelegging for alle
Vi ønsker å stimulere til at kommunar og frivillige organisasjonar legg til rette for meir fysisk aktivitet for alle gjennom friluftsliv. Som eit ledd i dette prioriterer vi friluftslivsanlegg og helse høgt i behandlinga av spelemidlar.
Helseløyper er eit satsingsområde der vi legg til rette for at flest mogleg, inkludert personar med funksjonsnedsetjingar, kan vere aktive. Ei helseløype skal vere universelt utforma med jamt underlag, god skilting, lys og kvilebenkar.
Friluftslivsanlegg, og spesielt helseløyper, blir prioritert i fordelinga av støtte og gjennom spillemiddelordninga kan slike anlegg få dekt inntil 50 % av kostnadene. Dugnad, kommunale midlar, gåver frå næringslivet og liknande kan også brukast for å fullfinansiere prosjektet.
Krava til ei helseløype
Det finns både må-krav og ting som bør vere på plass i ei god helseløype. De må ikkje fylle alle krava til ei helseløype første gong de søker midlar til eit slikt anlegg. Om de viser til ein plan og ei retning for korleis de har tenkt å utvikle anlegget i tråd med krava, vil det vere ei styrke for søknaden.
Ei helseløype må
- ha gode moglegheiter for parkering og minimum ein HC-plass
- ha skilting i tråd med nasjonal mal
- ha ei minimumsbreidde på 150 cm med godt underlag for barnevogn/rullestol
- ha liten stigningsgrad, maks 1:12
- ha nummererte benkar (bør ikkje vere meir enn 100 m mellom kvar benk)
- vere i estetisk gode omgivnader
- ha ledeliner i form av kontrast mellom veg og omgjevnader
- ha tilgjengeleg toalett (HC)
- vere registrert på morotur.no
- ha lys
- vere brøyta og strødd om vinteren
Ei helseløype bør også
- vere rundløype (0,5–2 km)
- ha kollektivsamband
- vere i nærleiken av bustadområde
- stigning på mindre enn 1:20
- ha fleire turalternativ på ulike nivå
- ha element som gjer turopplevingane rikare
Statleg sikring av friluftslivsområde
For at vi skal ha tilgang til naturen også i framtida, hjelper fylkeskommunen kommunar og friluftsråd med å sikre viktige område for allmenta. Dette inneber å få områda godkjende som «statleg sikra», noko som opnar for å søke støtte til både kjøp og tilrettelegging. På denne måten kan prioriterte friluftsområde få eit særleg og langsiktig vern og samtidig få tilgang på tilskotsmidlar slik at området kan opparbeidast. Slik sørger vi for at friluftsområde i fylket vårt blir bevart som opne og tilgjengelege for alle.
Korleis kan du søke om statleg sikring?
Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søke Miljødirektoratet om økonomisk støtte til å sikre seg råderett over friluftslivsområde eller ferdselsårer gjennom kjøp eller bruksavtale.
Skal de søke om støtte må de sende ein søknaden til fylkeskommunen gjennom elektronisk søknadssenter. Når vi har behandla søknadane, vidaresendar fylkeskommunen ei anbefaling til Miljødirektoratet om kven som bør få økonomisk støtte.
Kva type område prioriterer Miljødirektoratet?
- Område som kjem store folkegrupper til gode, nærområde og turvegar/stiar i byar og tettstader har høgast prioritet
- Landfaste område ved sjøen
- Område som vil bli intensivt brukt og som treng tilrettelegging for å kunne brukast til friluftslivsformål
- Område som er behandla og prioriterte i kommunal planprosess etter plan- og bygningslova (t.d. kommuneplan, kommunedelplan for fysisk aktivitet eller reguleringsplan)
Les meir om korleis du kan søke om støtte til statleg sikring