Helseløyper

Vi ønskjer å stimulere til at kommunar og frivillige organisasjonar legg til rette for meir fysisk aktivitet gjennom friluftsliv. Som eit ledd i dette prioriterer vi friluftslivsanlegg og helse høgt i behandlinga av spelemidlar.

Helseløyper er friluftslivsanlegg som legg til rette for at folk flest kan drive med fysisk aktivitet og friluftsliv. Dette er turløyper i grøntareal som ligg i nærleiken av bustadområde. Hovudtraséen skal ha eit fast og jamt underlag der stigningane ikkje er brattare en 1:12 (helst 1:20). Lys og ledeliner samt god skilting vil gjere at brukarane vil føle seg trygge. Erfaring viser at god tilrettelegging for flest mogleg, gir auka bruk både for funksjonsfriske og folk med funksjonsnedsettingar.

I tillegg til at friluftslivsanlegg og spesielt helseløyper vert prioritert i sjølve fordelinga, legg også føresegnene til rette for at 50 % av kostnadane med slike anlegg kan finansierast av spelemidlar. Dugnad, kommunale midlar, gåver frå næringslivet og liknande kan brukast for å fullfinansiere prosjektet.

Du finn krava til kva som må og bør vere med i ei helseløype lista opp under. Ein må ikkje fylle alle krava til ei helseløype første gong ein søker midlar til eit slikt anlegg. Men om ein viser til ein plan og ei retning for korleis ein har tenkt å utvikle anlegget i tråd med krava, vil det vere ei styrke for søknaden.

Ei helseløype må:

  • ha gode høve for parkering og minimum ein HC-plass
  • skilting i tråd med nasjonal mal
  • minimumsbreidde på 150 m med godt underlag for barnevogn/rullestol
  • liten stigningsgrad maks 1:12
  • nummererte benkar (bør ikkje vere meir enn 100 m mellom kvar benk)
  • vere i estetisk gode omgivnader
  • ledeliner i form av kontrast mellom veg og omgjevnader
  • tilgjengeleg toalett (HC)
  • vere registrert på morotur.no
  • ha lys
  • vere brøyta og strødd om vinteren

Ei helseløype bør:

  • vere rundløype (0,5–2 km)
  • ha kollektivsamband
  • vere i nærleiken av bustadområde
  • stigning mindre enn 1:20
  • ha fleire turalternativ på ulike nivå
  • ha element som gjer turopplevingane rikare