Fylkeskommunen er ein nettverksbyggar og kompetansehevar for frivilligheita. Vi stiller med kurs og møteplassar for dei frivillige. Her kan de få påfyll, men òg komme med tilbakemeldingar på korleis de vil ha det.
Søk om tilskot til frivilligheit
Kartlegging av frivilligheita i fylket
I 2024 gjennomførte Telemarksforsking ei kartlegging av frivillig sektor i Møre og Romsdal. Rapporten kom i 2025.
Målet med undersøkinga var å lage ei oversikt over kva type frivillige organisasjonar som finst i fylket, kva type aktivitetar dei driv med og kva dei bidreg med i samfunnet. Undersøkinga hadde også eit mål om å skildre og analysere frivilligheita si samfunnsnytte og samspelet mellom offentleg og frivillig sektor.
Det overordna målet med undersøkinga var meir kunnskap, for å kunne gi frivilligheita best moglege rammer både på regionalt og lokalt nivå. Resultata frå kartlegginga skal blant anna kunne gi kommunane i fylket eit kunnskapsgrunnlag for korleis dei kan samarbeide betre med frivilligheita og vere eit grunnlag for politiske prioriteringar, tiltak og kommunale planar.
Undersøkinga omfatta ei spørreundersøking blant dei frivillige organisasjonane i fylket, i alt 3162 organisasjonar på lokalt og regionalt nivå. I tillegg vart det gjennomført intervju med tilsette i kommunane. Svarprosenten var på 29 prosent og 26 av 27 kommunar deltok i intervjua.
Tre råd for det vidare arbeidet
Telemarksforskning kom med ni råd, organisert i tre hovedpunkt, for vidare arbeid:
Rammer for strategisk arbeid og tilrettelegging av samarbeid
- Utvikling av ein frivilligstrategi
- Tilrettelegging av møteplassar
- Kontakt og dialog
Samarbeide med frivilligheita om felles utfordringar
- Samarbeide om utfordringar rundt rekruttering av medlemmar og frivillige
- Utviklingsretta samarbeid med frivillige om viktige samfunnsoppgåver
- Kursing og kompetanseheving
Praktisk støtte
- Økonomisk støtte
- Sikre tilgang til lokale
- Teknologisk og administrativ støtte
Du kan lese meir om fylkesrapporten og kommuneraapportane frå undersøkinga ved å følge denne lenka.