Frivilligheit

Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar med å auke den frivillige innsatsen i fylket. Vi ønskjer ein sjølvstendig og inkluderande frivillig sektor og for å bidra til dette gir vi ulike tilskot, både til drift og prosjekt. I tillegg tildeler vi òg ekstra bevillingar til andre prosjekt.

Fylkeskommunen er ein nettverksbyggar og kompetansehevar for frivilligheita, og stiller med kurs og møteplassar for dei frivillige. Her kan ein få påfyll, men òg kome med tilbakemeldingar på korleis vi ønskjer å ha det. 

Søk om tilskot til frivilligheit 

Kartlegging av frivilligheita i fylket

3 600 lag og organisasjonar i Møre og Romsdal vart i 2024 invitert til å delta i ei spørjeundersøking, som skal kartlegge frivilligheita i fylket vårt. Målet med undersøkinga er meir kunnskap for å kunne gi frivilligheita best moglege rammer. Svara frå kvar enkelt organisasjon, heilt frå den minste lokale til den store regionale, er like viktig. Du kan lese meir om kartlegginga ved å følge denne lenka.

Svara frå undersøkinga vil bli publisert våren 2025.