Arkeologi

Bruk navigasjonen for å raskt finne fram til det du treng svar på.

Arkeologiske undersøkingar

Når vil arkeologane gjennomføre ei undersøking?

Arkeologane skal vurdere alle reguleringsplanar eller andre tiltak som inneber graving og markinngrep. Dette gjer dei for å sjå om dette påverkar kjente eller moglege automatisk freda kulturminne. Det vil seie alle faste kulturminne frå før år 1537. Dette gjeld både privatpersonar, bedrifter og offentlege verksemder.

Dersom arkeologane meiner at planen eller tiltaket kan ha innverknad på automatisk freda kulturminne, vil dei gjennomføre ei arkeologisk undersøking av området.

Kven må betale for den arkeologiske undersøkinga?

Ved offentlege eller større private tiltak, skal dei ansvarlege (ofte kalt tiltakshavar) betale for dei nødvendige arkeologiske undersøkingane. Fylkeskommunen vil då utarbeide eit budsjett.

Mindre, private tiltakshavarar får som regel dekka heile eller delar av utgiftene til slike undersøkingar. Det gjeld for tiltak som garasje, tilbygg til eksisterande privatbustad eller mindre nydyrkingssaker.

Ressursar

Eg har funne noko!

Kva gjer du viss du kjem over noko gammalt som du trur kan vere eit kulturminne? Dette kan for eksempel vere samlingar med stein, flekkar med kol og sot, eller gjenstandar. Da må du ta kontakt med fylkeskommunen med ein gong. Da vil arkeologane vurdere kva dette kan vere og bestemme kva som skal skje vidare med det du har funne.

  • Ta kontakt med arkeologane i fylkeskommunen. Vi er rette myndigheit til å gi råd og hjelp.
  • Gjenstanden må sikrast mot vidare skade. Høyr gjerne med oss om korleis du kan gjere dette.
  • Merk boks eller pose med gnr. og bnr., i tillegg til dato og namn.
  • Fyll ut funnskjema som viser nødvendig informasjon. Funnskjema finn du på Riksantikvaren sine nettsider.
  • Ta bilde av gjenstanden, men òg funnstaden og omgivnadane rundt og send det til fylkeskommunen.

Kvart år blir mange spennande og flotte kulturhistoriske gjenstandar funne, enten tilfeldig eller ved bruk av f.eks. metallsøkar. I følge kulturminnelova kan funnet ditt automatisk vere staten sin eigedom. Det er derfor viktig å følge retningslinjene for å sikre at kulturminna blir tatt vare på.

Det er ikkje lov å gjere inngrep i eit kulturminne

Eit automatisk freda kulturminne fortel korleis menneska før oss har levd og brukt landskapet og ressursane rundt seg. Dette er ressursar som ikkje kan fornyast. Derfor er det ikkje lov med inngrep i kjente automatisk freda kulturminner.

Ønsker du å gjere eit inngrep i eit kjent kulturminne? Da må du først søke om løyve om inngrep (dispensasjon). Dette gjer du på eit eige skjema frå Riksantikvaren. Arkeologane våre kan hjelpe deg med rettleiing. Les meir i Riksantikvaren sine retningslinjer for dispensasjons­behandling.

Kulturminne under vatn

Har du funne eller blitt gjort merksam på kulturminne som kan vere eldre enn 100 år og som ligg under vatn? Då tek du kontakt med fylkeskommunen.

Retningslinjer ved funn av kulturminne under vatn

  • La funnet ligge til du har meldt frå til ein arkeolog i fylkeskommunen for rettleiing
  • Er funnet gjort i Møre og Romsdal? Da skal du ta kontakt med fylkeskommunen. Send ein e-post til ansvarleg arkeolog for marine kulturminne, Arve Eiken Nytun.
  • Registrer funnet i funnskjema frå Riksantikvaren.
  • Dokumenter posisjonen til funnet – enten gjennom koordinatar, anna kartavmerking eller GPS-posisjon. Det er viktig at markeringa er så nøye som mogeleg, slik at vi enkelt kan finne tilbake til funnet.

Skipsfunn som er eldre enn 100 år

Alle skipsfunn som er eldre enn 100 år er freda etter kulturminnelova. Det er ikkje berre sjølve skipet som fell under omgrepet skipsfunn, men alt inventar eller gjenstandar som stammar frå skip. Det betyr at dersom noko har blitt kasta frå eit skip, går dette under omgrepet skipsfunn og er eit automatisk freda kulturminne. Slike kulturminne har stor verdi som kjelde og det er derfor viktig at slike funn blir meldt inn til fylkeskommunen.

Ikkje berre i havet, men òg i fleire av ferskvatna våre er det mogelegheiter for å finne kulturminne. Dette kan vere gamle båtar, men også fangsinnretningar, reiskap eller andre ting som stammar frå menneskeleg aktivitet.

Les meir om kva du skal gjere ved skipsfunn hos Riksantikvaren.

Funn som er gjort i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal har vi nokre av dei flottaste spora etter skipsfunn i Noreg. Spesielt viktig er funnet av det nederlandske handelsskipet Akerendam, som forliste utanfor øya Runde på Sunnmøre. Akerendam forliste på sin jomfrutur i 1725 og er kanskje mest kjent for den store pengeskatten som vart funne av sportsdykkarar i 1972. Stopleleiafunnet på Hustadvika er også eit viktig og flott skipsfunn.

Langs mørekysten ligg det fleire viktige kulturminne i og utanfor skipsleia, ved hamner og i buktar og vikar. Enkelte stadar har vi også steinalderbusetting frå den eldre steinalderen som i dag ligg under havnivået. Det er derfor viktig at alle funn eller ting som kan vere eldre enn 100 år blir meldt inn til fylkeskommunen med god informasjon om funnplassen, slik at vi kan undersøke dei nærmare.