Har du funne noko?

Kva gjer du viss du kjem over noko gammalt som du trur kan vere eit kulturminne? Kvart år blir mange spennande og flotte kulturhistoriske gjenstandar funne, enten tilfeldig eller ved bruk av metallsøkar. I følge kulturminnelova kan funnet ditt automatisk vere staten sin eigedom. Det er derfor viktig å følge retningslinjene for å sikre at kulturminna blir tatt vare på.

Kva gjer du viss du finn noko som kan vere eit kulturminne?

  • Ta kontakt med arkeologane i fylkeskommunen. Vi er rette myndigheit til å gi råd og hjelp.
  • Gjenstanden må sikrast mot vidare skade. Høyr gjerne med oss om korleis du kan gjere dette.
  • Merk boks eller pose med gnr. og bnr., i tillegg til dato og namn.
  • Fyll ut funnskjema som viser nødvendig informasjon. Funnskjema finn du på Riksantikvaren sine sider.
  • Ta gjerne bilde av gjenstanden, men òg funnstaden og omgivnadane rundt og send det til fylkeskommunen.

Du kan lese meir om kva lover og rutiner som gjeld og retningslinjene rundt finnerlønn hos Riksantikvaren:

Eg har funne noko!

Bruk retningslinjene for metalldetektor

Riksantikvaren har utarbeidd retningsliner for metallsøk. Her står det kva du skal gjere om du kjem over eit funn. Det er viktig å sette seg inn i desse slik at ikkje kulturminne blir skada.

Her står det blant anna at

  • du må ha tillating frå grunneigaren
  • du kan berre grave i pløyelaget
  • det er ikkje tillate å gå på automatisk freda kulturminne (dette inkluderer også sikringssona)
  • du må levere inn alle funn som er innleveringspliktige. Dette gjeld alle funn som du trur er eldre enn 1537, samiske gjenstandar eldre enn 100 år og alle myntar eldre enn 1650.

Er du i tvil? Ta kontakt med ein av arkeologane våre.