Bruk navigasjonen for å raskt finne fram til det du treng svar på.
Kva er eit freda hus?
Freding er det sterkaste verkemiddelet vi har for vern av bygningar.
Bygningar og ståande byggverk frå før 1650, og samiske bygningar som er eldre enn 1917, er automatisk freda.
I tillegg er det ei rekke bygningar og kulturminne som er freda gjennom enkeltvedtak. Det er Riksantikvaren som fattar vedtak om freding.
Nærare 5700 bygningar i Norge er freda. Rundt 3400 er i privat eie. Mange av disse bygningane representerer en tidsepoke, viktig kulturhistorie og samfunnsutvikling, eller har høy arkitektonisk verdi på nasjonalt nivå.
Endringar og restaurering av freda bygningar ut over ordinært vedlikehald krev dispensasjon frå kulturminnelova. Arbeid må utførast etter antikvariske prinsipp.
Kva er eit verneverdig hus?
Verneverdige hus er bygningar som er verna gjennom plan- og bygningsloven eller etter avtale med eigar.
Kriterium for verneverdi
Det finnes ei rekke kriterium for å vurdere verneverdien til eit hus, og mange hus blir vurdert som verneverdige ut frå kriterium som høg alder, autentisitet, kunnskapsverdi og opplevingsverdi. Verneverdi kan også vurderast etter kor sjeldan eller representativt eit kulturminne er.
Bygningar og andre kulturminne med ei tydingsfull kulturhistorie kan òg vurderast som verneverdige. Vi vurderer i tillegg kulturminna sin miljøverdi, og kva betydning dei har i ei større heilheit og som ein del av sine omgivnader.
Lokal, regional eller nasjonal verdi
Verneverdien kan være lokal, regional eller nasjonal. Eit kulturminne som ikkje vurderast til å ha verneverdi i nasjonal eller regional samanheng, kan likevel være eit viktig kulturminne lokalt.
Kva som er lokalt viktige kulturminne vurderast i kvar enkelt kommune. Ofte er arbeid med kulturminneplan viktig for å identifisere, sette fokus på og prioritere viktige lokale kulturminne.
Kommunen og fylkeskommunen si rolle
Det er kommunen som fattar vedtak i bygge- og rivesaker i tilknyting til verneverdige hus. Fylkeskommunen har ansvar for å gi råd og rettleiing til kommunane si forvalting av verneverdige hus. Ved søknad om riving eller vesentleg endring av bygningar som er eldre enn frå 1850 skal kommunen gi fylkeskommunen moglegheit til å uttale seg om saka.
Nokon råd på vegen
Dersom du skal restaurere eller utføre arbeid på eit verneverdig hus, skal du undersøke om kommunen har vedtatt retningslinjer for korleis verneverdig busetnad og kulturminne skal takast i vare, og kor store inngrep som er lov.
Fleire bymiljø er av Riksantikvaren definert som «NB!-områder». Dette er bymiljø med nasjonal verneinteresse. Bygningar kan også være regulert til bevaring fordi dei har lokal eller regional verneverdi.
Som eigar av verneverdig hus bør du sette deg inn i grunntanken bak antikvarisk restaurering av bygningar: bevar det originale, skift minst mogleg. Det finst fleire tilskotsordningar for eigarar av verneverdige bygningar.
SEFRAK
SEFRAK-registreringa vart gjennomført i åra 1975-1995. Bygningar bygde før 1900 vart registrerte over heile landet. Kulturminna vart kartfesta, oppmålt og fotografert.
Bygningane i SEFRAK-registeret er i utgangspunktet ikkje tillagt spesielle restriksjonar. Registreringa fungerar meir som eit varsko om at kommunen bør ta ei vurdering av verneverdien før det eventuelt blir gitt løyve til å endre, flytte eller rive bygninga.
Følg denne lenka for å lese meir om SEFRAK-registeret.
Kva er eit verna kulturminne?
Ifølge Riksantikvaren kan eit verna kulturminne eller kulturmiljø vere verna med heimel i lov eller gjennom andre verkemidlar.
I tillegg til kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova eller svalbardmiljølova, omfattar dette kulturminne og kulturmiljø som er vernet etter plan- og bygningslova, kirkeloven eller naturmangfoldloven.
Andre verkemidlar for vern er for eksempel statlege verneplanar, listeføring og tilskotsordningar.
Kva er tekniske og industrielle kulturminne?
Tekniske og industrielle kulturminne er spor etter industriell kultur som er av historisk, teknologisk, sosial, arkitektonisk eller vitskapeleg verdi.
Dette omfattar bygningar og produksjonslinjer med maskineri, transport og anna infrastruktur, i tillegg til steder brukt til sosiale aktivitetar som bustadar, religiøse byggverk, skoler, rekreasjons- og grøntanlegg.
Relevante lenker
Vil du lese meir om dette temaet? Da kan du klikke deg vidare inn på desse sidene.