Kriterium for verneverdi
Det finnes ei rekke kriterium for å vurdere verneverdien til eit hus, og mange hus blir vurdert som verneverdige ut frå kriterium som høg alder, autentisitet, kunnskapsverdi og opplevingsverdi. Verneverdi kan også vurderast etter kor sjeldan eller representativt eit kulturminne er.
Bygningar og andre kulturminne med ei tydingsfull kulturhistorie kan òg vurderast som verneverdige. Vi vurderer i tillegg kulturminna sin miljøverdi, og kva betydning dei har i ei større heilheit og som ein del av sine omgivnader.
Lokal, regional eller nasjonal verdi
Verneverdien kan være lokal, regional eller nasjonal. Eit kulturminne som ikkje vurderast til å ha verneverdi i nasjonal eller regional samanheng, kan likevel være eit viktig kulturminne lokalt.
Kva som er lokalt viktige kulturminne vurderast i kvar enkelt kommune. Ofte er arbeid med kulturminneplan viktig for å identifisere, sette fokus på og prioritere viktige lokale kulturminne.
Kommunen og fylkeskommunen si rolle
Det er kommunen som fattar vedtak i bygge- og rivesaker i tilknyting til verneverdige hus. Fylkeskommunen har ansvar for å gi råd og rettleiing til kommunane si forvalting av verneverdige hus. Ved søknad om riving eller vesentleg endring av bygningar som er eldre enn frå 1850 skal kommunen gi fylkeskommunen moglegheit til å uttale seg om saka.
Nokon råd
Dersom du skal restaurere eller utføre arbeid på eit verneverdig hus, skal du undersøke om kommunen har vedtatt retningslinjer for korleis verneverdig busetnad og kulturminne skal takast i vare, og kor store inngrep som er lov.
Fleire bymiljø er av Riksantikvaren definert som «NB!-områder». Dette er bymiljø med nasjonal verneinteresse. Bygningar kan også være regulert til bevaring fordi dei har lokal eller regional verneverdi.
Som eigar av verneverdig hus bør du sette deg inn i grunntanken bak antikvarisk restaurering av bygningar: bevar det originale, skift minst mogleg. Det finst fleire tilskotsordningar for eigarar av verneverdige bygningar.
SEFRAK
SEFRAK-registreringa vart gjennomført i åra 1975-1995. Bygningar bygde før 1900 vart registrerte over heile landet. Kulturminna vart kartfesta, oppmålt og fotografert.
Bygningane i SEFRAK-registeret er i utgangspunktet ikkje tillagt spesielle restriksjonar. Registreringa fungerar meir som eit varsko om at kommunen bør ta ei vurdering av verneverdien før det eventuelt blir gitt løyve til å endre, flytte eller rive bygninga.
Følg denne lenka for å lese meir om SEFRAK-registeret.
Vil du lese meir?