Bruk navigasjonen for å raskt finne fram til det du treng svar på.
Fylkeskommunale ordningar
Fylkeskommunen har ei rekke ordningar med tilskot, prisar og stipend som kan vere relevant for deg som treng støtte til eit prosjekt innanfor kulturminne og kulturmiljø.
Fylkeskommunale ordningar
Eksterne tilskotsordningar
Under finn du ei oversikt over tilskotsordningar for kulturminne- og kulturmiljøfeltet som ikkje forvaltes av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kulturminnefondet
Tilskotsordningane er eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Også frivillige lag og organisasjonar, anten dei eig eit kulturminne sjølv eller forvaltar eit på vegne av andre, kan søke. Kulturminnefondet behandlar søknader løypande. Det betyr at du når som helst kan sende inn din søknad om støtte til tiltak på ditt kulturminne. Påbegynte og sluttførte prosjekt støttes normalt ikkje av Kulturminnefondet.
Les meir om ordningane på nettsidene til Kulturminnefondet
Nordenfjelske Bykreditts Stiftelse
Nordenfjelske Bykreditts Stiftelse gir økonomisk støtte til allmennyttige formål på bakgrunn av mottatte søknader. Foreiningar og lag kan søke stiftelsen om støtte. Styret i stiftelsen fattar vedtak om støtte fire gonger i året.
Les meir om ordningane på nettsidene til stiftinga
Nytt liv i naust og sjøhus
Naust og sjøhus er ein type kulturminne som forsvinn i raskt tempo. Det blir slått fast i ein ny rapport Norsk Institutt for Kulturminneforskning har gjort for Riksantikvaren.
Saman med Sparebankstiftelsen DNB vil Forbundet KYSTEN sette i stand naust og sjøhus i heile landet. Bygningane skal fyllast med nytt liv, og gi barn og unge opplevingar med kystkultur og friluftsliv.
Les meir om ordninga på nettsidene til Forbundet KYSTEN
Kulturdirektoratet
Formålet med ordninga er å stimulere til prosjektbasert arbeid med innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av materiale som utgjer grunnlaget for auka kunnskap om historie, kunst, kulturar og samfunnsliv i Noreg fram til i dag.
Les meir om ordninga på nettsidene til Kulturdirektoratet
Sparebankstiftelsen Nordvest
Sparebankstiftelsen Nordvest jobber for å skape vekst og utvikling på Nordmøre. Stiftinga støtter kultur og kunst, idretts- og friluftsliv/naturkunnskap, steds- og samfunnsutvikling, anna frivillig arbeid og næringsutvikling, kompetansebygging og entreprenørskap.
Les meir på nettsidene til Sparebankstiftelsen Nordvest
Spesielle miljøtiltak i jordbruket
Tilskotsordning for tiltak som fremmer natur- og kulturverdiane i jordbrukets kulturlandskap og reduserer forureininga frå jordbruket. Du kan søke tilskot til planlegging og gjennomføring av tiltak som tek vare på kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap. Tiltaket må vere på ein landbrukseigedom som kan få tilskot for jordbruksproduksjon.
Les meir om ordninga på nettsidene til Landbruksdirektoratet
Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en allmennyttig stiftelse som skal støtte tiltak som verner mennesker og fortidsminner. Stiftelsens ideelle formål er å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunnet. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner.
Les meir om ordninga på nettsidene til Stiftinga UNI
«Ta et tak»-aksjonen
«Ta et tak» er ein aksjon som retter seg mot våningshus og driftsbygningar. Dette kan vere verneverdig busetnad i byer og tettstader eller bustadhus i tilknyting til landbruk, fiske, reindrift eller jakt.
Ordninga har årleg søknadsfrist.
Les meir om ordninga på nettsidene til Norsk kulturarv