Vestenfjeldske Bykreditts Stiftelse støttar ålmennyttige kultur- og miljøføremål. Hovudtyngda av stiftinga sine midlar blir fordelt til bygningsvern, men stiftinga har også gitt tilskot til veteranskip, båtar, kvelvingsbruer og liknande. Stiftinga sitt geografiske verkeområde er vestlandet til og med Sunnmøre i nord. Det er i første rekkje privatpersonar, venneforeiningar og stiftingar som kan søke støtte.
Stiftinga sitt styre fordeler tilskot to gongar i året. Det er ikkje eige søknadsskjema for denne tilskotsordninga.
For å få nærare informasjon om vilkår og søknad kan du vende deg til stiftinga sin styreleiar, Terje Johnsen.