Den kulturelle skolesekken

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som gir alle barn og unge profesjonelle kunstmøter og kulturopplevingar som ein del av skolekvardagen. 

Gjennom ordninga får elevane moglegheit til å oppleve, gjere seg kjende med og utvikle ei forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Kulturtilboda skal vere av høg kvalitet og vise heile breidda av kulturuttrykk. 

Fylkeskommunen har ansvar for det regionale programmet. Kvart år set vi saman eit variert program som skal dekke kunstsjangrane musikk, film, visuell kunst, litteratur, kulturarv og scenekunst.  

Les meir om programmet og tilbodet vårt