Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei ordning der kommunane kan søke om tilskot til profesjonell kunst- og kulturformidling tilpassa eldre. 

Ordninga skal bidra til auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren. Det skal skje på arenaar der dei eldre er i dagleglivet. 

Det er kommunane som kan søke på midlane i den kulturelle spaserstokken. 

Vilkår for tildeling av DKSS-midlar til kommunane 

  • Fordelinga mellom kommunane skjer etter tal på eldre over 70 år i kommunen.
  • Om ikkje alle kommunar har søkt blir resterande midlar fordelt på søknadar som har eit godt innhald på tiltak/program, nyskaping, samarbeid og tilbod til mange.

Fristen for å søke tilskot er 15. februar kvart år.

Tilskotet kan ikkje gå til bevertning, investeringar, utstyr, administrasjonstiltak, planleggingstiltak eller kompetanseutvikling.

Fristen for å søke om midlar til Den kulturelle spaserstokken for 2024 har gått ut.