Kunst i det offentlege rom
Kunst i det offentlege rom er den mest tilgjengelege kunstsamlinga som folk besøker og opplever, og slik ein del av alle sin kvardag.
Møre og Romsdal fylkeskommune si kunstordning skal arbeide for at profesjonell samtidskunst pregar og forbetrar fylkeskommunen sine offentlege bygg og uterom til glede for eit allment publikum. I byggeprosjekter med økonomisk ramme over 300G skal det settast av 1 prosent av investeringsbudsjettet til kunstprosjekter.
Kunst i det offentlege rom er ein viktig del av profesjonaliseringa og kompetansehevinga av det visuelle kunstfeltet. Fylkeskommunen eig og forvaltar mange eigedommar med tilhøyrande kunst. Ferdigstilte kunstverk inngår i Møre og Romsdal sin kunstsamling.
Sjå ei oversikt over Møre og Romsdal si kunstsamling
Les retningslinjene for Møre og Romsdal fylkeskommune si kunstordning