4 Kunstutval
For kvart kunstprosjekt skal det settast ned eit kunstutval som består av:
- Kunstkonsulent (ar)
- Ein brukarrepresentant (frå verksemda si leiing)
- Ein representant for byggherre/utførar
- Arkitekt
- Ein representant frå kulturavdelinga
Kunstkonsulenten leier kunstutvalet sitt arbeid. Ved spesielt store prosjekt kan det utnemnast 2 kunstkonsulentar. Det skal nyttast standardkontrakt mellom kunstnarisk konsulent og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ein representant frå Møre og Romsdal fylkeskommune, frå Kulturavdelinga, følger kunstutvalet sitt arbeid og deltek i alle møter. Medverknad frå byggherre og prosjektet sin arkitekt blir finansiert av byggeprosjektet. Medverknad av brukarrepresentant blir finansiert av framtidig brukarverksemd.
I samråd med dei andre medlemmene i kunstutvalet utarbeider kunstkonsulenten (ane) ein kunstplan for prosjektet innanfor den føreliggande økonomiske ramma, med eventuelle tillegg avsett frå KORO eller andre.
Det beløp som blir løyvd til det enkelte prosjekt skal dekke alle utgifter til prosjektet, inkludert eventuell konkurranse om kunstprosjektet, eventuell prisstiging, frakt, montering, m.m. og 5-prosent-avgifta til Bildende kunstneres hjelpefond (BKH). Kunstkonsulenthonorar inngår også i summen.