Ung Kultur Møtes

Ung kultur møtes (UKM) er fylket sitt største kulturarrangement for barn og unge og ein viktig arena både lokalt og regionalt.

I UKM kan ungdom delta med alle slags kulturuttrykk. Eksempel på kulturuttrykk for ungdom kan vere gaming, podkast, dans, lage kostymer, song, organisere og arrangere, fotografere, male, design/redesign, litteratur, jobbe på scena eller styre lyd og lys. I Møre og Romsdal har vi fokus på UKM som sosial og kulturell møteplass. 

UKM er ein arena der ungdom møter ungdom, utan konkurranse, men med fokus på utvikling, læring og samhold. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for arbeidet med UKM på regionalt nivå. Aktivitet skjer først og fremst lokalt ved arrangement, utstillingar, festivalar og verkstader (workshops). 

Meir informasjon om kva UKM er, påmelding og når dei ulike lokalarrangement blir arrangert, finn du ved å følge lenka under til nettsida til UKM. 

Nettsida til UKM