Formålet med UNG kunst og kultur er at alle barn og unge i Møre og Romsdal skal ha tilgang til eit breitt og mangfaldig kulturtilbod med høg kvalitet, aktualitet og relevans der dei kan medverke, skape, lære og meistre.
Samarbeidsavtaler med kommunane i fylket
Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å ha eit strategisk samarbeid med kommunane for å fremme UNG kunst og kultur og stimulere til arbeid på feltet i heile fylket. Samarbeidet skal bidra til å sikre ei god samordning av kunst- og kulturtilbodet til barn og unge.
Samarbeidsavtalane regulerer eit gjensidig forpliktande tilskot for å jobbe med UNG kunst og kultur i kommunen. Kommunen kan velje eit beløp mellom 50 000 kroner til 150 000 kroner. Frist for å inngå samarbeidsavtale for er 1. mai kvart år.
Dette er kommunane som har samarbeidsavtale no:
Aure, Aukra, Averøy, Fjord, Giske, Gjemnes, Haram, Hareid, Herøy, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Sande, Smøla, Sula, Surnadal, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund.
Kva set føringar for arbeidet?
Desse dokumenta setter føringar for arbeidet vi gjer:
Sjekkliste for arbeidet i UNG kunst og kultur
Sjekklista er eit godt verktøy og utgangspunkt for både kommunane og fylkeskommunen sitt arbeid med kunst- og kulturtilbod for barn og unge. Lista med ti sjekkpunkt kan leggast til grunn for framtidig planarbeid, nye satsingar, utviklingsarbeid og prioriteringar.
For å skape gode og like oppvekstvilkår, må det lokale kulturlivet skapast i dialog med befolkninga, dette gjeld spesielt i dialog med barn og unge. Føresetnaden for eit godt lokalt kulturliv er at tilboda er kjent for, blir brukt av og utforma i samspel med, ei aktiv befolkning med engasjement for kunst og kultur. Brei medverknad frå barn og unge er ein føresetnad for å lukkast.
For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommunen og fylkeskommunen ha ein aktiv utforma kunst- og kulturpolitikk. Dette blir sikra ved hjelp av ei gjennomgåande og samanhengande regional og lokal kulturplanlegging. Kulturpolitikk skaper kulturpolitikarar.
For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommune og fylkeskommunen legge til rette for at barn og unge kan produsere og formidle både smale og breie kunst- og kulturuttrykk. Slike moglegheiter og slikt mangfald blir skapt gjennom eit samspel mellom fleire kunst- og kulturaktørar: fritidsklubb, museum, kulturskole, kino, frivillige lag og foreiningar, Den kulturelle skolesekken, Ung Kultur Møtes (UKM), kulturhus, bibliotek, profesjonelle kunst- og kulturaktørar, og ikkje minst av barn og unge som sjølve organiserer kulturaktivitetar.
For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommune og fylkeskommunen sikre at barn og unge får opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet i kunstfaga. Alle må ha tilgang på profesjonell kunst- og kulturfagleg opplæring gjennom heile opplæringsløpet; både i barnehage og gjennom heile det trettenårige skoleløpet. Kulturskolane er i dette ein sentral aktør, og må legge vekt på mangfald i sine undervisningstilbod. I tillegg må barn og unge i sitt lokalsamfunn ha tilbod om andre profesjonelle opplæringstilbod i kunst- og kulturfag i til dømes i museum og bibliotek, og gjennom eit breitt spekter av organisasjonar, lag- og foreiningar.
For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommune og fylkeskommunen legge til rette for at målgruppa har moglegheit til å vise og oppleve kunst og kultur i det offentlege rom. Det kan til dømes skje gjennom gatekunst, tilrettelagte arrangement, opne konsertar, festivalar og anna aktivitet der kunsten får ein synleg og naturleg plass i offentlegheita.
For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommune og fylkeskommunen legge til rette for at både profesjonelt og frivillig kunst- og kulturliv har barn og unge som publikum. Gode rammevilkår blir skapt til dømes gjennom tilskotsordningar og arenaer.
For å skape gode og like oppvekstvilkår, treng ein godt tilrettelagde arenaer for kunst og kultur både ute og inne. Kommune og fylkeskommunen må legge til rette for at det profesjonelle og frivillige kulturlivet har eigna lokale og gode uterom for barn og unge si kunstnarlege verksemd, både til produksjon, visning og øving.
For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommune og fylkeskommunen bidra til at kulturminne, lokale historier og tradisjonar kan brukast av, og formidlast til, barn og unge. Dette er verdiar som bidreg til fellesskap, utvikling og forankring til lokalsamfunnet.
For å skape gode og like oppvekstvilkår, må det offentlege ha ein kulturadministrasjon og politikarar med relevant kunst- og kulturfagleg kompetanse og forståing. Gjennom administrasjonen og politikken sin kompetanse og kapasitet, skal kommunen og fylkeskommunen sitt ansvar for kunst og kultur realiserast.
For å skape gode og like oppvekstvilkår, må kommune og fylkeskommunen bidra til at barn og unge får opplæring i bruk av digitale verktøy og media i sin eigen kunst- og kulturproduksjon. Det offentlege må bidra til at barn og unge lærer å bruke digitale media for å utvikle sin eigen kreativitet, og sine evner til å formidle og kommunisere. Barn og unge må tidleg få hjelp til å utvikle gode haldningar og ferdigheiter i bruk av digitale media.