Verktøyet viser detaljert arealrekneskap både for fylket og for kommunane i Møre og Romsdal.
Kommunane har til no brukt betydelege ressursar på å samle inn arealtal og -fakta til lovpålagd planleggingsarbeid, men den nye løysinga som dei gratis kan bruke, vil både spare kommunane for mykje arbeid og gi eit betre avgjerdsgrunnlag i planarbeidet.
Arealrekneskapen for Møre og Romsdal 2024 inneheld:
- Arealbruk: Kva areal som er opparbeidd og/eller nedbygd.
- Arealtypar: Fordeling og omfang av ulike typar areal.
- Mål med arealet: Fordeling og omfang av arealføremål i kommunale planar. Kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar gjeldande.
Verktøyet vil vise endringar i arealbruk over tid og gi oversikt over viktige naturressursar.
Arealrekneskapet vil første år ikkje vise historisk utvikling, men det vil bli lagt fram ny rekneskap kvart år slik at kommunane kan sjå endringar over tid.
Den største feilkjelda i datasettet kan truleg knyttast til manglar i det kommunale planregisteret. Desse manglane er det kommunen sjølv som har best oversikt over.
Kva er ein arealrekneskap i kommunaplanen?
Ein arealrekneskap kan gje oversyn over planlagde endringar i arealdelen, og det kan vise kva for eit utbyggingspotensial som ligg inne i eksisterande planar.
Arealrekneskapet kan òg brukast til å framheve kvalitetane på areala som vert vurderte eller foreslått omdisponerte til utbyggingsføremål, og bidra til auka medvit om konsekvensane av arealendringar. Ein kan kartleggje og føre arealrekneskap over til dømes særleg karbonrike myrområde, viktige friluftsområde, naturtypar, skog, blågrøn struktur eller samanhengande jordbruksareal. Dette gir kommunen eit betre kunnskapsgrunnlag for å vurdere ulike alternativ for å disponere om og for å unngå tap og nedbygging av særleg verdfulle areal.
Saman med folketalssprognosar kan arealrekneskapen bidra i vurderingane av det reelle behovet for endringar i arealdelen ved rullering. I eit breiare perspektiv er bruk av arealrekneskap nyttig i samfunnsutviklinga, og ved planlegginga av arealbruk av til dømes bustad, infrastruktur og kommunale tenester som skule og helse.
Arealrekneskap vil vere eit hjelpemiddel i dialogen mellom dei ulike aktørane i planprosessen, til dømes med politikarar, utbyggjarar og regionale og statlege fagmyndigheiter. Bruk av arealrekneskap er òg eit verktøy for å følgje utviklinga i kommunen over tid, og til å vurdere måloppnåing.
Slik kan du gjere oppslag i arealrekneskapen
Rekneskapen er presentert på eit dashbord, både som kart og som tabellar i Power BI, og det er enkelt å utforske enkeltkommunar og filtrere etter innhald og arealtype. Alle arealtal er oppgitt i dekar.
Du kan filtrere i toppmenyane, ved å klikke på grafane på venstre side eller ved å klikke på figurane nedst. «Planreserve» beskriv utbyggingspotensiale i byggeområde.
Ei brukarrettleiing for løysinga er under utarbeiding.
Her kan du sjå arealrekneskap for 2023 i eit interaktivt kart.
Her kan du sjå arealrekneskap for 2024 i eit interaktivt kart.
Her kan du sjå arealarekneskap for 2025 i eit interaktivt kart.
Her kan du gjere oppslag i arealrekneskapen for 2023.
Her kan du gjere oppslag i arealrekneskapen for 2024.
Metoden for berekning av arealrekneskap endrar seg stadig. Førebels går det ikkje an å samanlikne tala for 2023 og 2024. Etter kvart vil det bli lagt ut ein ny versjon av 2023-tal slik at dei kan samanliknast.