Fylkesstrategi for miljø, klima og energi

Møre og Romsdal ønsker å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida.

FNs berekraftsmål (FN17) er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane.  Noreg har forplikta seg til å følge opp desse måla. Noreg har og forplikta seg til klimagassreduksjonar gjennom Parisavtalen og å stanse tap av natur gjennom Naturavtalen. 

Møre og Romsdal fylke har sett eigne mål for å handtere klima- og naturkrisa. Mellom anna har fylket sett seg som langsiktig utviklingsmål å bli miljøfylke nr. 1. Dette langsiktige utviklingsmålet blir støtta opp av fylkesplanmåla. Dei langsiktige utviklingsmåla og fylkesplanmåla finn du i fylkesplanen. 

Måla gjeld heile samfunnet; innbyggjarar, næringsliv, lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommunen.

Måla i fylkesplanen er følgd opp av fylkesstrategi for miljø, klima og energi. Den skal bidra til å gi retning for samfunnet Møre og Romsdal og følge opp globale, nasjonale og regionale mål for klimagassutslepp og klimatilpassing, bevaring av naturmangfald og grøn omstilling.

Les også om korleis fylkeskommunen arbeider med energi.