Klima i arealplanleggingMøre og Romsdal fylkeskommune, Kartverket, NIBIO og Statsforvaltaren kan med støtte frå Miljødirektoratet tilby kommunane hjelp til å: få kartlagt karbonrike areal prioritere og vektorisere relevante arealplanar bli betre kjent med verktøya arealrekneskap og klimagasskalkulator for arealbrukssektoren Sjå meir informasjon i invitasjonen. (PDF, 252 kB) Under er påmelding til webinar og arbeidsverkstad. Alle som ønsker å delta på webinara og arbeidsverkstadene må melde seg på. Dette gjeld også for kommunar som allereie har meldt seg på prosjektet. Det er også mogleg å melde seg på frå kalenderen som ligg på fylkeskommunen si nettside. Alle kommunane i Møre og Romsdal får: Tilgang til kart over karbonrike areal Tilbod om webinar Kommunane som har meldt seg til å delta i sjølve prosjektet får i tillegg: Hjelp til å prioritere kva planar som bør digitaliserast/vektoriserast på bakgrunn av «karbonrikdom». Moglegheit til å få dekka nokre av kostnadane med vektorisering, sjå invitasjon. Arbeidsverkstad for arealrekneskap og klimagasskalkulator. Desse kommunane har forplikta seg til å vektorisere/digitalisere planar i karbonrike areal, der behovet blir identifisert. WebinarDu må melde deg på kvart enkelt webinar. 17.10.25: Karbonrike areal. 13.11.25: Arealrekneskap 108.01.25: Vektorisering av planar i ISY WINMAP15.01.26: Vektorisering av planar i GISLINE16.04.26: Arealrekneskap 223.04.26: Kartbasert klimagasskalkulatorHer kan du sjå webinara i ettertid:Eit lite atterhald: Opptaka av webinara er autoteksta, noko som betyr at tekstinga kan vere ufullstendig. Ønskjer du å få tilsendt lysbilda, ta kontakt med ingeborg.simonsen@mrfylke.no. 17.10.25: Karbonrike areal: Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. 13.11.25: Arealrekneskap 1: Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. ArbeidsverkstadDet vil bli arrangert fysisk heildags arbeidsverkstad for arealrekneskap og klimagasskalkulator. Arbeidsverkstaden vil ta utgangspunkt i dei vektoriserte planane. Arbeidsverkstaden vil derfor berre bli tilbydt kommunar som har vektoriserte planar i karbonrike areal. Det vil bli halde arbeidsverkstad i kvar av dei 4 regionane i fylket. Ein melder seg på arbeidsverkstaden i regionen ein tilhøyrer. Kommunane må dekke kost/reise til arbeidsverkstad sjølv. Påmeldinga vil bli lagt ut seinare, men sett gjerne av datoen allereie no. ArbeidsverkstadDatoKlokkaRegionFrist påmelding02.06.2609:00-16:00 Søre Sunnmøre15.04.2603.06.2609:00-16:00 Sunnmøre15.05.2609.06.2609:00-16:00 Romsdal15.04.2611.06.2609:00-16:00 Nordmøre15.04.26 VerktøyHer finn du verktøya som prosjektet tilbyr:Rasterplanar i karbonrike areal. Innsynsløysinga sorterer ut ikkje-digitaliserte planar i karbonrike areal for kommunane i Møre og Romsdal.Arealrekneskap Møre og Romsdal. Verktøyet viser detaljert arealrekneskap både for fylket og for kommunane i Møre og Romsdal.NIBIO sin klimagasskalkulator for arealbrukssektoren. Her finn du både kalkulatoren og rettleiar. Utslepp og opptak frå skog og arealbruk, MiljødirektoratetNyttige lenker Rettleiar frå KDD om arealrekneskap i kommuneplanKommunerettleiaren frå Miljødirektoratet:Arealplanlegging og naturkartleggingKommunale naturrekneskapUndersøking av kartlegging av myr i AR5, NIBIOHolth & Winges rapport Grunnlag for veileder om revisjon av kommunale arealplanerMiljødirektoratets webinar om planrevisjon og planvaskOm Operasjon planvask, Oslo Met, Holth & WingeKartlegging av kommunenes behov og handlingsrom for å ivareta naturhensyn og miljø i arealaplanlegging, Henning Larsen, Rambøll, Holth & WingeOm kommunevise klimagassregnskap for skog og annen arealbruk, NIBIOEksempel på kartportalar i andre kommunarBergen kommune: Klimakart for arealplanleggingLillestrøm kommune: Temakart for natur og klimatilpassingDrammen kommune: KlimakartTønsberg kommune: Kartportal: Her kan ein velje fagområde klima.