| Klimagassutslepp | omfattar som regel utslepp til luft av alle typar gassar som påverkar atmosfæren si evne til å halde på varme (drivhuseffekten) og dermed klimaet: karbondioksid (CO2), metan (CH4), lystgass (N2O) og f-gassar. |
| CO2-ekvivalent | er eininga som blir nytta i ein klimagassrekneskap. Eininga svarar til den effekten ei gitt mengd (som regel eit tonn) CO2 har på den globale oppvarminga over ein gitt periode (som regel 100 år). Dei andre drivhusgassane har eit sterkare oppvarmingspotensial enn CO2, og utsleppa frå desse gassane blir derfor rekna om til CO2-ekvivalentar. Døme:Utslepp av 1 tonn CO2 til atmosfæren er lik 1 tonn CO2-ekvivalentar. Utslepp av 1 tonn metan til atmosfæren er lik 25 tonn CO2-ekvivalentar (metan er altså ein kraftigare klimagass enn CO2). |
| Utsleppsfaktor | fortel kor mange CO2-ekvivalentar som blir sleppt ut når ein brenn ein gitt mengde av ulike energivarer/drivstoff. |
| Historiske utslepp | er utslepp i dei føregåande åra. |
| Framskriving | av forventa utslepp basert på vedtatt politikk og dersom ein ikkje sett i gang fleire klimatiltak. |
| Målbana | viser kor mykje utsleppa må reduserast for å nå dei måla som er sett. |
| Tiltaksbana | viser utsleppsreduksjonane med dei planlagde klimatiltaka. |
| Referansebane | samanstilling av historiske utslepp og framskriving. |
| Verksemda | Når vi skriv verksemda viser vi til organisasjonen Møre og Romsdal fylkeskommune. |
| Møre og Romsdal fylke | Når vi skriv Møre og Romsdal fylke viser vi til heile fylket vårt (det geografiske området)med innbyggarar, næringsliv, industri, organisasjonar etc. |