Miljøfyrtårn

Møre og Romsdal fylkeskommune er sertifisert som Miljøfyrtårn og vart i 2023 resertifisert for tre nye år. Det er klart etter at administrasjonen (hovudkontoret) har svart ut  minimumskrava for miljø og klima innanfor områda forankring, styring, transport, innkjøp, avfallshandtering, naturmangfald og energiforbruk.

Møre og Romsdal fylkeskommune har vore sertifisert som Miljøfyrtårn sidan 2006.

Miljøfyrtårn gir oss eit styringssystem der vi kan dokumentere at vi følger standardane for miljøstyring. Ein sentral styringsfaktor for oss er å kunne produsere eit klimarekneskap,  Grunnlaget for dette er data frå alle skolane, tannklinikkane og stabsavdelingane i den årlege innrapporteringa. Her blir alle innrapporterte data gjort om til CO2-utslepp.

Vi må vere sertifiserte for å kunne bruke verktøyet til Miljøfyrtårn. Vi kan då følge dei ulike områda vi har utslepp på, og kan overvake kva retning vi går. Dermed har vi også eit kvalitetssikra grunnlag for å forbetre oss når det gjeld klimagass-utslepp, men også for å få til forbetringar som også blir synlege i plandokument vi har ansvar for.