Handbok og mal for klimabudsjett
Fylkeskommunen har i samarbeid med statsforvaltaren fått laga ei handbok med tilhøyrande mal som kommunane kan bruke når dei skal lage klimabudsjett.
Målet er at desse to skal forenkle arbeidet i kommunane. Kommunane vel sjølv om dei vil bruke handboka og malen. Handboka og malen finn de på KLIMASNU-sida hos statsforvaltaren.
Har du innspel eller tilbakemelding?
Dette er første utgåve og vi ønsker tilbakemelding frå kommunane som tek dokumenta i bruk slik at vi kan forbetre dei.