Klima i arealplanlegging

Møre og Romsdal fylkeskommune, Kartverket, NIBIO og Statsforvaltaren kan med støtte frå Miljødirektoratet tilby kommunane hjelp til å: 

  • få kartlagt karbonrike areal 
  • prioritere og vektorisere relevante arealplanar 
  • bli betre kjent med verktøya arealrekneskap og klimagasskalkulator for arealbrukssektoren 

 

Sjå meir informasjon i invitasjonen. (PDF, 252 kB)  

Under er påmelding til webinar og arbeidsverkstad. Alle som ønsker å delta på webinara og arbeidsverkstadene må melde seg på. Dette gjeld også for kommunar som allereie har meldt seg på prosjektet. Det er også mogleg å melde seg på frå kalenderen som ligg på fylkeskommunen si nettside. 

Alle kommunane i Møre og Romsdal får: 

  • Tilgang til kart over karbonrike areal 
  • Tilbod om webinar 

Kommunane som har meldt seg til å delta i sjølve prosjektet får i tillegg: 

  • Hjelp til å prioritere kva planar som bør digitaliserast/vektoriserast på bakgrunn av «karbonrikdom». 
  • Moglegheit til å få dekka nokre av kostnadane med vektorisering, sjå invitasjon. 
  • Arbeidsverkstad for arealrekneskap og klimagasskalkulator. 

Desse kommunane har forplikta seg til å vektorisere/digitalisere planar i karbonrike areal, der behovet blir identifisert.