Sirkulærøkonomi

Sirkulærøkonomi handlar om å forvalte ressursane våre på ein smartare og meir berekraftig måte. Sirkulærøkonomi er ikkje berre gjenvinning – det er ein annan måte å tenkje samfunn og utvikling på. Det krev samarbeid på tvers av sektorar, nivå og fagområde.

Gjennom deltaking i nettverk som CCRI (Circular Cities and Regions Initiative) og samarbeid med OECD, har fylket fått eit solid kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid med denne tematikken.

Satsinga skal bidra til å:

  • Fremme samarbeid på tvers av kommunar og sektorar for å utvikle sirkulære løysingar.
  • Kople nasjonale og internasjonale ressursar til regionale behov.
  • Styrke kommunane si rolle i omstillinga til ein sirkulær økonomi. 

Mål for satsinga

  • Styrke kommunane si kompetanse og kapasitet til å implementere sirkulære og berekraftige prinsipp i tenesteutvikling for å unngå sløsing og sikre bedre ressursforvaltning
  • Bygge nettverk og arenaer for kunnskapsdeling og samarbeid mellom offentlege og private aktørar.
  • Utvikle verktøy og indikatorar for å måle framgang og effekt av sirkulære tiltak.
  • Bidra til nasjonale initiativ, som samfunnsoppdraget på sirkulærøkonomi, med regional forankring og perspektiv.

Samarbeid med OECD: “ Circular Economy in Møre and Romsdal”

I november 2024 lanserte OECD rapporten “Circular Economy in Møre and Romsdal”. Fylket var en av ti regioner/byer i Europa som var plukket ut til samarbeid, og inolverte mer enn 50 forskjellige aktører fra fylket i panelintervju gjort av OECD i januar 2024. Erfaringane frå prosjektet blir no brukt aktivt i det vidare arbeidet med å utvikle løysingar lokalt, regionalt og nasjonalt.

Rapporten gir et grundig bilde av status og muligheter for sirkulær omstilling i fylket.

Her kan du lese rapporten “ Circular Economy in Møre and Romsdal”

Kva inneheld rapporten?

  • Analyse av styrkar, utfordringar og barrierar for sirkulærøkonomi i Møre og Romsdal
  • Praktiske døme og anbefalingar basert på OECD sitt 3P-rammeverk: people, policies, places
  • Forslag til korleis regionen kan mobilisere breiare og skape meir verdi gjennom samarbeid

Kvifor er dette viktig?

Gjennom samarbeidet med OECD har Møre og Romsdal:

  • fått internasjonal anerkjenning for sitt arbeid med sirkulærøkonomi
  • styrkt politisk og administrativ forankring av omstillinga
  • fått tilgang til relevant kunnskap, nettverk og verktøy for vidare utvikling

Kva gjer fylkeskommunen

Regionalt bindeledd og kunnskapsbygging

Vi fungerer som eit bindeledd mellom kommunar, næringsliv og andre aktørar, og legg til rette for:

  • Forum for regionale ombrukssentralar: Samordning og informasjonsdeling for å styrke ombruk i bygg- og eigedomssektoren.
  • Sirkulære innkjøp: Heve kompetansen i kommunane på innovative og sirkulære innkjøpsprosessar, i samarbeid med DFØ, KS og LUP.

Deltaking i nasjonale og internasjonale nettverk/ Nedtrekk

Vi deltek aktivt i:

  • CCRI: Eit EU-finansiert nettverk for å fremme sirkulærøkonomi i byar og regionar.
  • Nordsjøkommisjonen: Samarbeid for å styrke sirkulærøkonomi og smartspesialisering i regionar rundt Nordsjøen.
  • KS - Nettverk for sirkulærøkonomi: Nasjonal arena for erfaringsutveksling og kunnskapsdeling for kommuner og fylkeskommuner

Kven er det for? 

Satsinga rettar seg mot:

  • Kommunar: Støtte til å integrere sirkulære prinsipp i tenesteutvikling, planlegging og innkjøp.
  • Interkommunale selskap (IKS): Samarbeid om avfallshandtering, ombruk og ressursforvalting.
  • Næringsliv: Kople bedrifter med offentlege aktørar for å utvikle sirkulære verdikjeder.
  • FoU-miljø: Samarbeid om forsking og utvikling innan sirkulærøkonomi.

Forankring i fylkeskommunale planar og strategiar

Satsinga er forankra i fleire av fylkeskommunen sine strategiar:

  • Samarbeidsfylket: Fremme samarbeid mellom offentlege aktørar, næringsliv og akademia.
  • Inkluderings- og kompetansefylket: Sikre eit fleksibelt og inkluderande utdannings- og kompetansetilbod.
  • Verdiskapingsfylket: Styrke innovasjon og internasjonal konkurransekraft i næringslivet og offentleg sektor.

Kva er sirkulærøkonomi? 

Sirkulærøkonomi handlar om å bruke ressursane våre smartare og meir effektivt – slik at vi skaper verdi utan å sløse med materialar, energi og tid. I ein sirkulær økonomi går ressursane i kretsløp i staden for å bli brukt opp og kasta.

Det betyr at vi:

  • Forlenger levetida på bygningar, produkt og materialar gjennom ombruk, reparasjon og deling,
  • reduserer avfall og klimagassutslepp gjennom betre design, planlegging og produksjon,
  • skaper nye verdiar og arbeidsplassar ved å utvikle sirkulære forretningsmodellar og tenester.

Sirkulærøkonomi er meir enn gjenvinning – det er ein heilskapleg strategi for berekraftig samfunnsutvikling. Det krev samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå, og må integrerast i korleis vi planlegg, bygger, kjøper inn og leverer tenester – både i offentleg og privat sektor.

Her kan du lese rapporten The Circular Economy in Cities and Regions of the European Union