Under berekraftskartlegginga som vart gjennomført i alle kommunane i Møre og Romsdal i 2021, vart sirkulærøkonomi identifisert som eit av seks regionale satsingsområde. Vi jobbar no aktivt med å implementere tiltak for å fremme denne overgangen.
Samarbeid med OECD
Møre og Romsdal fylkeskommune har som einaste fylke i Noreg blitt plukka ut som ein av ti regionar i Europa til samarbeid med OECD på sirkulær økonomi. Samarbeidet inkluderer fysiske panelintervju med meir enn 60 sentrale aktørar i regionen innanfor offentleg, privat og frivillig sektor som jobbar med sirkulære initiativ. Dette vil resultere i ein rapport med praktiske tilrådingar til korleis regionen kan jobbe vidare med å utvikle sirkulære initiativ og styrke regionen i møte med nye utfordringar og greie omstillinga til det grøne skiftet som vil vere klar i september 2024.
EU-nettverket Circular Cities and Regions Initiative (CCRI)
CCRI er ein del av EUs handlingsplan for sirkulærøkonomi, med mål om å støtte Europas grøne skifte ved å blant annet fremme sirkulærøkonomi på lokalt og regionalt nivå. Møre og Romsdal Fylkeskommune er med som ein av 37 medlemmar som gir kompetanse, kunnskap og finansiering til regionen. Fylkeskommunen er med i tematiske arbeidsgrupper for «sirkulær ressursforvalting», «bygg og anlegg», «industrielle symbiosar» og «anskaffingar».
PhD-nettverk
Prosjektet handlar om å leggje til rette og koordinere felles aktivitetar for 6 stipendiatar med støtte frå «Sirkulære system for eit berekraftig Møre og Romsdal» som er ein satsing frå fylkeskommunen. Blant aktivitetane planlagt i prosjektet er kopling av industrielle aktørar med stipendiatane med blant anna følgande mål:
· Fasilitere kunnskapsutveksling mellom industrielle aktørar og stipendiatane via verdifulle data som kan brukast i forsking.
· Vise praktiske resultat frå dataanalysen fullført av stipendiatar. Dette kan gi reelle anvendingar.
· Drive innovasjon: samarbeidet kan utløyse nye, innovative løysingar som kan implementerast i industrien.
Blant institusjonane som er involvert i prosjektet er:
· NORSØK med forskar Maximilian Koch.
Prosjekt: “CropDriveØko - Research on sustainable potato production in Møre og Romsdal.” Foreløpig oppgåvetittel: “Effect of cover crops on soil health, soilborne pathogens, yield and quality of organically cultivated potatoes in Norway (Cropdrive Øko)”
· Møreforsking AS med forskar Rikke Maria Strand Ipsen.
Foreløpig oppgåvetittel: "Biology of Norwegian lobster (Nephrops norvegicus) in Norwegian Waters”
· Høgskolen i Molde (HiM) med to stipendiatar:
1) Lucky Joshi Sapkota. Foreløpig oppgåvetittel: “Integration of circular procurement practices into the supply chain to achieve circular economy.”
2) Simbarashe Muparangi, som skriv om “Circular Supply Chains and Supply chain resilience: A Paradigm Shift Towards Environmental Stewardship”.
· Høgskolen i Volda med forskar Helene Brustad Eskeland.
Foreløpig oppgåvetittel: “Public procurement: a tool for developing a circular economy? Lessons from Norwegian municipalities”.
· NTNU i Ålesund med forskar Ajay Kumar.
Foreløpig oppgåvetittel: "Decision support tool for circular solutions in Møre and Romsdal County"