Sjøaureprosjektet "Mange bekkar små"

Sjøauren har hatt ein tilbakegang i fylket i ein lengre periode. «Mange bekkar små» er eit samarbeidsprosjekt der målet er å betre forholda for sjøauren. 

Leveområda til sjøauren

Eit av tiltaka i prosjektet er å kartfeste leveområda til sjøauren. Det er utvikla eit verktøy for å registrere gyteforhold og oppvekstforhold, manglande kantvegasjon samt hindringar som gjer det vanskeleg for auren å vandre oppover vassdraget. Resultata blir brukt til å sette i verk tiltak i dei ulike vassdraga.

Kart med grøne, gule og raude fiske-ikon - Klikk for stort bileteLeveområda til sjøauren i Møre og Romsdal (per 19.04.2024)

Klikk her for å sjå interaktivt kart

Lokal kunnskap er avgjerande

Lokal kunnskap og er avgjerande for å lykkast i prosjektet. Fylkeskommunen og statsforvaltaren inviterer lag og foreiningar, grunneigarar og andre i å delta i kartlegginga, sidan dei sit med historisk informasjon om sjøaurebekkane, vandringsstrekker og informasjon om korleis vasstrengen såg ut før. Saman med flyfoto, historiske kart og gamle notatar kan vi samanlikne dagens fiskeundersøkingar med slik det var før.