Campus Kristiansund

Campus Kristiansund (CKSU) er eit prosjekt for å etablere ein campus for høgare utdanning, forskning og innovasjon i Kristiansund sentrum. 

Campus stod ferdig hausten 2024 og inneheld høgskoletilbod, fagskole, kompetanseklinikk for den offentlige tannhelsetenesta  og vekstmiljø for næringslivet og forskingsmiljø. 

Du kan lese meir om Campus Kristiansund på campusksu.no

Prosjektet skal bidra til

  • sikre ei langsiktig løysing for høgare utdanning på Nordmøre
  • å utvikle samarbeidet mellom kompetansemiljø i forskning og innovativt næringsliv
  • å sikre Nordmøre den kompetansen privat og offentlig sektor etterspør
  • å bygge opp felles arenaer for prosjektutvikling og kunnskapsdeling, blant anna gjennom å etablere eit nærings- og innovasjonshus som del av campus

Organisering

Campus Kristiansund er eit samarbeid mellom Høgskolen i Molde, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Fylkeskommunen har prosjektansvaret, og Roland Mauseth er prosjektleiar.

Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe: 

  • Styringsgruppa har representantar frå dei fire eigarane og andre aktørar i politikk, næringsliv og forsking i Møre og Romsdal. 
  • Prosjektgruppa si viktigaste oppgåve er koordinering mellom alle aktørane i prosjektet. 

 

Vegen til Campus 

Fylkeskommunen har i 2023 vore sentral i utviklingsarbeidet, gjennom deleigarskapet i Campus Kristiansund Drift AS, prosjekt for nye utdanningar på Campus Kristiansund og Internship-programmet for berekraftig utvikling (i samarbeid med Kristiansund kommune).  

I februar 2023 la Statsminister Jonas Gahr Støre ned grunnsteinen for Campus Kristiansund saman med 3. klassetrinn på Allanengen barneskole. Grunnsteinen symboliserar FN sine berekraftsmål. 

I 2023 har vi arbeidd mykje med korleis fagmiljøa skal samarbeide når Campus Kristiansund er i drift, og å skape gode løysingar for felles kunnskapsarenaer og nettverk. Campus Kristiansund Drift AS er no det verktøyet fylkeskommunen kanaliserer mykje av dette arbeidet gjennom. 
Prosjektet for nye utdanningar held tett dialog med tilbydarar av både desentraliserte og digitale tilbod for heil- og deltidsstudentar, i tillegg til etter- og vidareutdanning.