Energi(Ny)

Tilgang på kraft og kapasitet i straumnettet er viktig for næringsutvikling, arbeidsplassar, transport og omstilling i Møre og Romsdal. Her finn du informasjon om energisituasjonen, kven som har ansvar, og aktuelle tal, analysar og rapportar.

Innhald på sida

Kraft- og nettsituasjonen

Møre og Romsdal bruker meir elektrisk kraft enn fylket produserer. Samtidig er kapasiteten avgrensa i delar av straumnettet.
Utvikling av ny kraftproduksjon og større nettanlegg tek tid. Energiutfordringane kan derfor ikkje løysast med eitt enkelt tiltak. Det kan vere behov for ein kombinasjon av:

  • meir energiproduksjon
  • betre kapasitet i straumnettet
  • meir effektiv energibruk
  • betre utnytting av nettet
  • fleksibel energibruk og energilagring

Konsekvensar for næringsliv og samfunn

Tilgang på kraft og nettkapasitet påverkar utviklinga i heile fylket. Avgrensa kapasitet kan gjere det vanskelegare å etablere ny næringsverksemd og utvikle eksisterande verksemder.

Energisituasjonen kan også påverke:

  • arbeidsplassar og verdiskaping
  • elektrifisering av industri og transport
  • utsleppskutt og klimaomstilling
  • utvikling av offentleg infrastruktur
  • utviklinga av byar og lokalsamfunn

Ny energiproduksjon og nytt straumnett kan samtidig påverke natur, landskap, kulturmiljø, friluftsliv og lokalsamfunn. Konsekvensane må derfor vurderast samla og på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag.

Roller og ansvar

Ansvaret for energisystemet er fordelt mellom fleire aktørar. Fylkeskommunen eig ikkje straumnettet, tildeler ikkje nettkapasitet og avgjer ikkje kva energiprosjekt som får konsesjon. 

Kommunane

Kommunane er lokal planstyresmakt og samfunnsutviklar. Gjennom kommuneplanar og reguleringsplanar tek dei avgjerder som påverkar energibehov, arealbruk og plassering av nytt forbruk og ny energiproduksjon.

Kommunane har også ansvar for eigne bygg og areal og statlege planretningslinjer forventar at dei samarbeider med nettselskapa om framtidige behov.

Nettselskapa og Statnett

Nettselskapa planlegg, utviklar og driftar straumnettet. Dei vurderer mellom anna om det er kapasitet til å kople nytt forbruk og ny kraftproduksjon til nettet.
Statnett har ansvar for transmisjonsnettet. Regionale og lokale nettselskap har ansvar for andre delar av straumnettet.

Kraftprodusentane

Kraftprodusentane utviklar og driftar anlegg for energiproduksjon. Dei vurderer nye prosjekt og må søkje om nødvendige løyve og konsesjonar.

NVE og andre statlege styresmakter

Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, forvaltar regelverk og nasjonale rammer på energiområdet. NVE behandlar også konsesjonssaker innanfor sitt ansvarsområde.
Andre statlege styresmakter har ansvar for mellom anna nasjonal energipolitikk, regelverk og overordna rammevilkår.

Fylkeskommunen

Fylkeskommunen arbeider med energispørsmål gjennom dei ordinære oppgåvene innan:

  • regional planlegging og arealforvaltning
  • nærings- og samfunnsutvikling
  • klima- og miljøarbeid
  • samferdsel og kollektivtransport
  • eigne bygg og eigedommar
  • offentlege innkjøp
  • kunnskaps- og planarbeid

Energi må sjåast i samanheng med mellom anna arealbruk, natur, klima, transport, næringsutvikling og beredskap.

Vi følgjer utviklinga i kraft- og nettsituasjonen som ein del av det ordinære kunnskaps- og planarbeidet. Vi samarbeider med kommunar, næringsliv, nettselskap, kraftprodusentar og statlege styresmakter når det er relevant for oppgåvene våre.

Tal, analysar og rapportar

Her finn du statistikk og eit utval av aktuelle analysar og rapportar om energi i Møre og Romsdal.

Kraftbalansen i fylket

I 2025 var forbruket av elektrisk kraft i Møre og Romsdal 13,3 TWh, medan produksjonen var  8,3 TWh. Tala endrar seg over tid og dagens kraftunderskot på 5 TWh er forventa å stige.

Statistikk og nettplanar

Kraftforbruk og -produksjon i Møre og Romsdal

Planar for straumnettet

Null- og lågutsleppskøyretøy

Analysar og rapportar

Tiltaksplan for energi

Rapporten vurderer fylkeskommunen sine roller på energiområdet og moglege tiltak for energiarbeidet. Rapporten er eit fagleg kunnskapsgrunnlag frå 2026 og må lesast i samanheng med den politiske behandlinga av saka i Fylkestinget 13.10.2026.

Bestill tiltaksplanen

Ressursinnsats og kraftbehov

Rapporten samanstiller kunnskap om kraftsituasjonen i fylket, kartlegg aktørane sine behov og vurderer korleis fylkeskommunen kan bidra til raskare og meir koordinert utvikling innanfor kraftnett, produksjon og forbruk. 

Bestill rapporten

Kontakt oss