Forsking og utvikling (FoU)

Fylkeskommunen arbeider for å styrke forskningsevna i regionen gjennom tilskot og mobilisering til auka innsats. 

Støtteordningar

Fylkeskommunen har to støtteordningar for enkeltbedrifter som skal utføre forsking og utvikling:

  • MobPro forprosjekt - for mindre FoU-prosjekt i bedrifter i samarbeid med eit FoU-miljø
  • Kvalifiseringsprosjekt - for FoU-prosjekt med sikte på å kvalifisere bedrifta til vidare FoU med støtte frå relevante ordningar nasjonalt og internasjonalt. 

Les meir og søk på utlyste ordningar (regionaleforskningsfond.no)

Få hjelp til å utforme FoU-prosjekt

Bedrifter kan få hjelp frå ein kompetansemeglar til å utforme FoU-prosjektet og kople inn relevant forskningsmiljø og verkemiddel. Dei som søker om økonomisk støtte gjennom ordninga MobPro, må kontakte kompetansemeglarane.

Kompetansemeklarar i Møre og Romsdal

Kompetansemeklarar i Møre og Romsdal
Namn Institusjon Telefon
Øyvind Herse Møre og Romsdal fylkeskommune 91 36 48 86
Katrine Hattrem Hast Vindel AS - Kristiansund 48 36 10 42
Håvar Risnes ÅKP- Ålesund Kunnskapspark AS  41 78 90 43
Jan Børre Rydningen ÅKP - Ålesund Kunnskapspark AS 90 13 69 95
Erlend Krumsvik Sunnmøre Kulturnæringshage AS 41 04 08 38
Bjørn Tafjord Høgskolen i Volda 99 36 48 01
Birnir Egillson Protomore Molde 90 41 41 34
Lasse Kristiansen Protomore Molde 97 10 05 07
Geir Svenning Høgskolen i Molde 95 55 94 43
Marthe Torset Nordveggen AS, Rauma 48 14 88 49
Lisa Kolden Midtbø Møreforsking (marin) 97 62 07 32

Fylkesstrategi for forsking og innovasjon

Møre og Romsdal er inne i ei tid prega av omstilling og innovasjon. For å møte utfordringane vi står overfor, må vi evne å utvikle og ta i bruk kunnskap og nye løysingar som tener næringslivet og samfunnet vårt. Strategien for forsking og innovasjon skal gi retning for dette arbeidet. 

Les fylkesstrategien for forsking og innovasjon (framsikt.no)