Forsking og utvikling (FoU)

Fylkeskommunen arbeider for å styrke forskningsevna i regionen gjennom tilskot og mobilisering til auka innsats. 

Støtteordningar

Fylkeskommunen har to støtteordningar for enkeltbedrifter som skal utføre forsking og utvikling:

  • MobPro forprosjekt - for mindre FoU-prosjekt i bedrifter i samarbeid med eit FoU-miljø
  • Kvalifiseringsprosjekt - for FoU-prosjekt med sikte på å kvalifisere bedrifta til vidare FoU med støtte frå relevante ordningar nasjonalt og internasjonalt. 

Les meir og søk på utlyste ordningar (regionaleforskningsfond.no)

Få hjelp til å utforme FoU-prosjekt

Bedrifter kan få hjelp frå ein kompetansemeglar til å utforme FoU-prosjektet og kople inn relevant forskningsmiljø og verkemiddel. Dei som søker om økonomisk støtte gjennom ordninga MobPro, må kontakte kompetansemeglarane.

Kompetansemeklarar i Møre og Romsdal

Kompetansemeklarar i Møre og Romsdal
NamnInstitusjonTelefon
Øyvind HerseMøre og Romsdal fylkeskommune91 36 48 86
Tore LegernesVindel AS - Kristiansund92 84 42 88
Håvar RisnesÅKP- Ålesund Kunnskapspark AS 41 78 90 43
Jan Børre RydningenÅKP - Ålesund Kunnskapspark AS90 13 69 95
Lasse KristiansenProtomore Molde97 10 05 07

Fylkesstrategi for forsking og innovasjon

Møre og Romsdal er inne i ei tid prega av omstilling og innovasjon. For å møte utfordringane vi står overfor, må vi evne å utvikle og ta i bruk kunnskap og nye løysingar som tener næringslivet og samfunnet vårt. Strategien for forsking og innovasjon skal gi retning for dette arbeidet. 

Les fylkesstrategien for forsking og innovasjon (framsikt.no)