I Møre og Romsdal skal vi teste løysingar for sirkulære matsystem og betre utnytting av ressursar. Prosjektet samlar 25 partnarar frå 12 land, og har som mål å redusere avfall og importavhengighet, styrkje jordhelse og skape meir sirkulære matsystem i byar og regionar.
Kven som deltek frå Møre og Romsdal
Frå Møre og Romsdal er tre aktørar med i prosjektet:
- Møre og Romsdal fylkeskommune – regional koordinator og ansvarleg for å tilpasse utprøvinga til norske forhold
- NORSØK – fagleg partnar innan jordhelse, regenerativt landbruk og sirkulære næringsstraumar
- Gjermundnes vidaregåande skule – pilotarena for undervisning og praktisk utprøving i felt
Fylket er ein såkalla replicator, noko som betyr at vi testar ut og tilpassar metodar som er utvikla i andre europeiske regionar.
Kva prosjektet arbeider med
CIRCULANDIA utviklar og testar nye løysingar innan:
- regenerativt landbruk – metodar som byggjer opp jordhelse og binder karbon
- sirkulære næringsstoffstraumar – betre utnytting av matavfall, hageavfall og andre ressursar
- lokale matsystem – kortreiste verdikjeder, mathubbar og offentlege innkjøp som støttar lokale bønder
- gjenbruksemballasje – system som reduserer plast og eingongsavfall i matbransjen
Møre og Romsdal deltek særleg i arbeidspakka om regenerativt landbruk og sirkulære næringsstoff.
Kva som skal gjerast i Møre og Romsdal
I vår region skal vi:
- teste ut metodar for regenerativt landbruk i praksis
- utvikle og prøve ut opplæringsmateriell saman med NORSØK og Gjermundnes vgs
- gjennomføre pilotaktivitetar på Gjermundnes vgs, der elevar og lærarar deltek i feltforsøk og utprøving av undervisningsmateriell
- vurdere korleis nye metodar passar norske forhold, regelverk og praksis
- skape eit regionalt fagmiljø for kunnskap om jordhelse og sirkulær ressursbruk
Kva vi ønskjer å oppnå
Gjennom deltakinga i CIRCULANDIA skal Møre og Romsdal:
- styrke kompetansen innan regenerativt landbruk og sirkulære matsystem
- bidra til betre karbonmåling på landbruksareal
- gi elevar og fagmiljø tilgang til nyskapande læringsopplegg
- støtte bønder i å ta i bruk metodar som styrker jordhelse og klimamotstand
- plassere regionen som ein aktiv partnar i europeisk sirkulærøkonomi og grøn omstilling
Prosjektet gir oss tilgang til internasjonal kunnskap, testar i reelle driftsmiljø og nye samarbeidsarenaer for framtidas landbruks‑ og matpolitikk.