CMPR
CPMR arbeider for å sikre at EU lyttar og tek omsyn til dei europeiske kystregionane sine interesser og synspunkt. Det er ein politisk leia organisasjon med over 100 medlemmar frå 21 land, og representerer meir enn 150 millionar innbyggjarar. Organisasjonen prioriterer arbeid med marine/maritime spørsmål, klima- og energi, transport og regionalpolitikk. CPMR fungerer som ein europeisk tenketank for perifere kystregionar, og arbeider målretta og effektivt inn mot ulike organ i EU for å sette saker på dagsorden og gi tidlege innspel til politikkutforming. Medlemskap sørger for at Møre og Romsdal får moglegheit til å påverke EU-systemet på tema som påverkar regionen.
Nordsjøkommisjonen
Nordsjøkommisjonen er ein geografisk underkommisjon av CPMR. Hovudmålet er å fremje politisk samarbeid mellom regionane rundt Nordsjøen for å finne gode løysingar, dele erfaringar og arbeide for å påverke europeisk politikkutforming. Nordsjøkommisjonen har rundt 30 medlemmar som representerer åtte land rundt Nordsjøen.
Organisasjonen arbeider med politikkutvikling, lobbyverksemd, utvikling av transnasjonale prosjekt og kunnskapsutveksling. Dei prioriterte områda er berekraftig utvikling av marine ressursar, energi og klimaendringar, berekraftig transport og smarte regionar. På desse fire områda er det etablert eigne arbeidsgrupper, kvar Møre og Romsdal fylkeskommune er leder i arbeidsgruppa for marine ressursar, og medlem i gruppa for smarte regionar.
Vest-Norges Brusselkontor
Møre og Romsdal fylkeskommune er medeigar i Vest-Norges Brusselkontor (VNB)saman med kommunar og høgskular i Møre og Romsdal og Vestland fylker og Vestland fylkeskommune. VNB har som oppgåve å arbeide for at den europeiske dimensjonen bidreg til utvikling og auka verdiskaping i Vest-Noreg.
Kontoret synleggjer medlemmane som samarbeidspartnar for andre europeiske regionar, og er ein lyttepost mot institusjonane i EU og EØS. VNB formidlar kva som skjer i EU av særleg interesse for Vest-Noreg, informerer om politikkutvikling i EU og identifiserer relevante EU-program. Brusselkontoret kan vere ein fasilitator i prosjektarbeid innanfor EU-programma, og bruke sitt nettverk til å bidra i partnarsøk på vegne av medlemmane. Kontoret har tilgang til nettverk som medlemmane kan dra nytte av og er ein støttespelar for deltaking i internasjonale faglege nettverk og plattformer.
Europapolitisk forum
Europapolitisk forum er ein viktig møteplass for samhandling i europapolitiske saker mellom regjeringa og kommunar, fylkeskommunar og Sametinget. Formålet er diskusjon av aktuelle og viktige tema for Noregs forhold til EU og EØS-avtalen, og utveksling av informasjon, synspunkt og erfaringar med viktige europapolitiske saker og problemstillingar. Møta blir leia av statssekretærane frå Utanriksdepartementet og Kommunal- og Moderniseringsdepartementet, og dei ulike fagdepartementa deltek når relevante saker blir diskutert.
Nordisk Atlantsamarbeid- NORA
NORA er ein mellomstatleg organisasjon under Nordisk Ministerråd sitt regionalpolitiske samarbeidsprogram. NORA består av Grønland, Island, Færøyene og Kyst-Noreg, dvs. fylka som grensar til Nord-Atlanteren: Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark.
NORA finansierast av Nordisk Ministerråd, supplert med eit nasjonalt bidrag frå dei fire deltakarlanda. Møre og Romsdal fylkeskommune er med gjennom medlemskapet i Vestlandsrådet.
Formålet til NORA er å bidra til auka levestandard og berekraftig utvikling av Nord-Atlanteren. NORA støttar samarbeidsprosjekt mellom aktørar i deltakarlanda. I strategien for 2024-2028 er desse områda prioritert: forsyningssikkerheit, kunstig intelligens, regenerativ turisme, lokal tiltrekkingskraft, mobilitet og grøn omstilling, marine næringar og matproduksjon og eldre som ressurs i lokalsamfunnet (Silver Economy). NORA lyser ut midlar til prosjektsamarbeid.