Søknadsskjema
På Fiskeridirektoratet sine nettsider finn du søknadsskjema for akvakultur i både flytande og landbaserte anlegg, samt rettleiar for utfylling.
Gebyr
Saksbehandlingsgebyret for å søke om akvakulturløyve er 26 400 kroner. Gebyret må vere betalt før søknaden blir behandla, og kvitteringa må leggast ved. Ved søknad om samlokalisering skal det betalast eit gebyr pr. søkar pr. lokalitet.
For fiskarar som søker om løyve til oppbevaring av eigen fangst som ein del av akvakulturverksemda, er gebyret på 6 600 kroner.
Endringar på lokaliteten som går utover gjeldande løyve, vil normalt innebere krav om ny søknad. I tillegg til sakshandsamingsgebyret vil det også bli kravd gebyr for saksbehandling etter forureiningsforskrifta. Statsforvaltaren vedtar kva gebyrsats som gjeld for kvar enkelt søknad.
Andre krav
Fyll ut alle punkt i søknaden. Som søkar har du ansvar for at den inneheld alle nødvendige opplysingar. Ufullstendige søknader forsinkar søknadsprosessen og kan bli returnert. Saman med kommunen må du sørge for at søknaden blir lagt ut til offentleg innsyn og kunngjort.
For landbaserte anlegg må søkar få løyve frå NVE til uttak av ferskvatn etter vassressurslova før søknaden blir sendt fylkeskommunen.
- Ta gjerne kontakt med ein av våre rådgivarar i forbindelse med utarbeiding av søknaden.
- Send ferdig utfylte søknader med vedlegg til post@mrfylke.no eller bruk eDialog
- Unntak: Søknad om ny lokalitet, endring på eksisterande lokalitet og samlokalisering for laks, aure og regnbogeaure, skal digitalt skjema brukast