Starte bedrift med gründertenesta hoppid.no

hoppid.no eit tilbod til deg som ønskjer å starte bedrift i Møre og Romsdal. 

hoppid.no kan bidra med

  • sparring om forretningsidé og forretningsmodell
  • rettleiing i regelverk rundt etablering av bedrift
  • rettleiing om finansiering
  • kopling til innovasjonsmiljø og bransjespesifikk kompetanse
  • økonomisk støtte (avklaringsmidlar)

Fleire hoppid-kontor tilbyr gratis arbeidsplass slik at gründerar og andre næringsdrivande kan møtast. 

Avklaringsmidlar

Nyetablerarar kan søke om støtte på inntil 30 000 kroner for å finne ut om og korleis forretningsideen kan bli utvikla til levedyktig bedrift. Midlane skal brukast til enkle, men viktige aktivitetar for å avklare marknadspotensial, lønsemd, organisering, vegval og framdrift. Det er hoppid.no-kontoret i den enkelte kommunen som tek i mot spørsmål og behandlar søknadar om avklaringsmidlar. 

Ta kontakt med ein rådgivar

hoppid.no har kontor over heile fylket. For å kome i kontakt med riktig rådgivar, anbefaler vi at du registrerer deg, skriv kort om forretningsideen din og kva du ønskjer å snakke om.

Du kan også ta kontakt for ein uforpliktande prat!

hoppid.no-kontor i Møre og Romsdal

Oppstartsprogram

hoppid.no Oppstart er eit kursprogram for å utvikle ein forretningside. Kurset går over 3 veker med 10 nettbaserte samlingar. Kurshaldar er rådgivingsselskapet Entreprenerdy.

Les meir og søk om delta (hoppid.entreperenerdy

Om hoppid.no

hoppid.no er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.