Fysiske tiltak i vassdragSkal du grave, steinsette, bygge bru eller gjere andre fysiske tiltak i eller ved eit vassdrag? Då må du som regel søke om løyve før arbeidet startar.Kva tiltak krev løyve?Du må normalt søke dersom tiltaket kan påverke vassdraget eller livet i vassdraget.Eksempel på tiltak:gravingsteinsettingbygging av bruerosjonssikringandre fysiske inngrep i eller ved vassdragReglane gjeld også for vassdrag som er tørre delar av året.Kven skal du søke til?Kven som behandlar søknaden, avheng av kva artar som finst i vassdraget.Søk til fylkeskommunen når tiltaket gjeld strekningar med innlandsfisk. Bruk dette søknadsskjemaetSøk til Statsforvaltaren når tiltaket gjeld vassdrag med anadrom laksefisk eller krepsGå til nettsidene til Statsforvaltaren Usikker på kven du skal søke til? Kontakt oss, så hjelper vi deg vidare. UnntakVerksemder som har konsesjon etter vassdragsreguleringslova eller vassressurslova, treng ikkje søke ekstra om løyve til tiltaket.Fjerning av kantvegetasjonVil du fjerne kantvegetasjon langs eit vassdrag, er dette søknadspliktig. Send søknaden til Statsforvaltaren.