Fysiske tiltak i vassdrag

Skal du grave, steinsette, bygge bru eller gjere andre fysiske tiltak i eller ved eit vassdrag? Då må du som regel søke om løyve før arbeidet startar.

Kva tiltak krev løyve?

Du må normalt søke dersom tiltaket kan påverke vassdraget eller livet i vassdraget.

Eksempel på tiltak:

  • graving
  • steinsetting
  • bygging av bru
  • erosjonssikring
  • andre fysiske inngrep i eller ved vassdrag

Reglane gjeld også for vassdrag som er tørre delar av året.

Kven skal du søke til?

Kven som behandlar søknaden, avheng av kva artar som finst i vassdraget.

Søk til fylkeskommunen når tiltaket gjeld strekningar med innlandsfisk. 

Bruk dette søknadsskjemaet

Søk til Statsforvaltaren når tiltaket gjeld vassdrag med anadrom laksefisk eller kreps

Gå til nettsidene til Statsforvaltaren

Usikker på kven du skal søke til? Kontakt oss, så hjelper vi deg vidare.

Unntak

Verksemder som har konsesjon etter vassdragsreguleringslova eller vassressurslova, treng ikkje søke ekstra om løyve til tiltaket.

Fjerning av kantvegetasjon

Vil du fjerne kantvegetasjon langs eit vassdrag, er dette søknadspliktig. Send søknaden til Statsforvaltaren.