2025: Teateret Vårt
Teateret Vårt fekk prisen for å i over 50 år har bygd fylket vårt saman, med sitt virke. Dette er ein organisasjon som har opna auger, skapt emosjonelle augneblinkar, provokasjonar, glede og kanskje også skremsel. Dei har skapt sosiale møtearenaer og plassar for ettertanke.
2024: Møre og Romsdal idrettskrets
Idrettskretsen fekk prisen for å vere ei samlande kraft som binder fylket saman. Møre og Romsdal idrettskrets har medlemmer i alle kommunar i Møre og Romsdal, og i alle aldersklasser, og er slik ei samlande kraft og binder Møre og Romsdal saman med sitt arbeid.
2023: Ungdomspanelet
Ungdomspanelet fekk prisen for å ha tatt ei tydeleg rolle for å fremme saker som er viktig for ungdom. Gjennom sitt arbeid og deltaking på møtearenaer, har dei inspirert andre ungdommar til å engasjere seg, som gjev ringverknadar for ungdomsmedverknad i lokalsamfunna i heile Møre og Romsdal.
2022: Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Molde Næringsforum, Næringsforeininga i Ålesundsregionen
Prisen fekk dei for sitt samarbeid om prosjektet «Bli med heim». I 2022 arrangerte dei messer i Oslo og Trondheim for å skape ein møteplass mellom næringslivet og fylket med studentar eller dei som jobba i dei to byane. Dette for å få fleire til å kome heim etter kvart.
2021: Ungt Entreprenørskap
Ungt Entreprenørskap fekk prisen for å vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å forme framtida for regionen, gjennom ungdom og entreprenørskap.
2020: StikkUT!
StikkUT fekk prisen mellom anna for å ha bidratt til å gjere innbyggarane i fylket kjende med, og stolte av sitt eige fylke. StikkUT er eit tilbod for alle i Møre og Romsdal, uavhengig av geografi, alder og sosiale forhold. Med nesten ein million registrerte turar er StikkUT eit viktig folkehelsetiltak.